Medarbeidersamtale

Kor ofte snakkar du med medarbeidarane dine om kva som motiverer dei, eller kva slags planer dei har for karrieren sin?

Medarbeidarsamtalen gjer det mogeleg både for leiar og medarbeidar å setje av tid og førebu seg til ein planlagt samtale om utvikling.

Ei samtale om utvikling

Samtalen er eit godt utgangspunkt til å gjere ei vurdering av medarbeidaren sine ynskjer om vidare utvikling opp mot verksemda sine noverande og framtidige kompetanseplanar og oppgåver.

Samtalen er ikkje eit alternativ til å gi regelmessige tilbakemeldingar på utførd arbeid. Dersom du opplever at medarbeidaren ikkje utfører arbeidet som forventa, eller at det er naudsynt å korrigere atferd, kan du lese meir om dette under personalsaker.

Kompetansestyring

Medarbeidersamtalen kan vere ein del av kompetansestyringa til verksemda. Samtalen bør i så fall bli plassert i årshjulet for styring og leiing i verksemda di.

Dfø tilbyr eit medarbeidersamtaleverktøy som gir deg og dine medarbeidarar råd om korleis du førebur deg til ein slik samtale og korleis du gjennomfører og dokumenterer samtalen.

Statens legemiddeltilsyn om korleis få mest mogleg ut av medarbeidarsamtala

Råd og tips til medarbeidersamtaler

Oppdatert: 18. januar 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord