E-læringskurs for HR og leiarar
På Læringsplattformen finn du ei rekkje nyttige e-læringskurs! Under finn du eit lite utval av desse kursa. Kursa er skreddersydde for å auke kompetansen og gi praktiske verktøy til HR, leiarar og medarbeidarar i staten innanfor ulike emne. Utforsk utvalet - og hugs at det finst fleire kurs å oppdage på Læringsplattformen.
Utvikle ditt leiarskap
Som leiar i staten møter du på ulike utfordringar og situasjonar. Under får du et utval av praktiske e-kurs som styrker kompetansen din og som kan støtte deg i kvardagen i din rolle som leiar.
Auk kompetansen i partssamarbeid og medråderett
E-kurs under er for deg som er leiar eller du som jobbar i HR og representerer arbeidsgjevarsida. Kursa gir deg ei oversikt over rolla og ansvaret ditt i partssamarbeidet, og korleis du sikrar medråderett etter gjeldande lov og regelverk, og i samarbeid med dei tillitsvalde.
Utvikling av kompetansetiltak
Under finn du verktøy og kurs som kan kome til nytte når du skal utvikle kompetansetiltak. Kursa er nyttige for både leiarar og HR, men kanskje spesielt HR.
Bygg på forvaltningskompetansen i verksemda
Å ha god forvaltningskompetanse er en føresetnad for alle som jobbar i staten. Du som jobbar i HR eller som er leiar i staten, har ei unik rolle i å spreie denne kunnskapen til medarbeidarane. Kursa gir alle som jobbar i staten ei god rolleforståing, og ein heilt naudsynt kunnskap om forvaltninga.