Arbeidsgjevarrådet skal bidra til å styrke rolla til verksemdene og ansvaret verksemdene har for å utvikle og gjennomføre den statlege arbeidsgivarpolitikken.
Arbeidsgjevarrådet skal gi Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet betre informasjon og meir kunnskap om verksemdene. Rådet skal fremje interessa til verksemdene, styrke gjennomføringa av arbeidsgjevarpolitikken i staten, og gi råd til departementet.
Samansetjing av Arbeidsgjevarrådet
Leiar i rådet, nestleiar og medlemmene vert valde av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).
Rådet er satt saman av 16 statlege verksemdsleiarar. Samansetjinga av rådet skal spegle mangfaldet av statlege verksemder.
Desse er med i rådet
- Leiar: Seunn Smith-Tønnessen, UiA
- Nestleiar: Jan Olav Baarøy, Norec
- Per Mathis Kongsrud, Finanstilsynet
- Tomas Berg, Statens pensjonskasse
- Thomas Laurendz Bornø, Husleietvistutvalget
- Hege Nilssen, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
- Thorbjørn Thoresen, Forsvarsbygg
- Kristin Cordt-Hansen, Norsk pasientskadeerstatning
- Christine Wilberg, Sekretariatet for konfliktrådene
- Hanna Geiran, Riksantikvaren
- Gina Lund, Statsforvalteren i Agder
- Mari Velsand, Medietilsynet
- Anne Marie Glosli, Landbruks- og matdepartementet
- Anneline Vingsgård, Klagenemndssekretariatet
- Kjetil Lund, NVE
- Knut Sletta, Jernbanedirektoratet
Sekretariatet til Arbeidsgjevarrådet ligg i DFØ. Har du saker du ønskjer rådet skal få vete om, kan du kontakte sekretariatet:
Seniorrådgiver Marianne Jørgensen
E-post: marianne.jorgensen@dfo.no
Oppgåvene til Arbeidsgjevrrådet
- Aktivt bidra til å utvikle den statlege arbeidsjevarpolitikken
- Auke kunnskapsgrunnlaget hjå den sentrale arbeidsgjevarfunksjonen
- Drøfte viktige problemstillingar rundt korleis arbeidsgjevarrolla skal utøvast i staten og gi samordna tilbakemeldingar
- Gi tilbakemeldingar på rolla til DFD som sentral statleg arbeidsgjvarfunksjon, på rolla til DFØ og rolla til dei lokale arbeidsgjevarane i staten
- Fremje interessene til verksemdene på eige initiativ ovanfor Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
- Arbeidsgjevarrådet skal ikkje vere sakshandsamings- eller klageorgan for verksemdene, men rådet kan orienterast om saker av prinsipiell eller overordna karakter.
Slik jobbar Arbeidsgjevarrådet
Rådet har valt møter som si arbeidsform. Det vert ført referat frå møta. Arbeidsgjevarrådet har møte minimum fire gonger i året.
Rådet er underlagt forvaltningslova, offentleglova og arkivlova. Eventuell usemje i rådet skal kome fram i referat, og ulike syn skal verte formidla til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet skal orientere rådet om aktuelle saker, og sende rådet saker som gir høve til reell innverknad.
Arbeidsgjevarrådet skal, når det er naudsynt, involvere og halde statlege verksemder orientert om arbeidet.
Saker frå møte i rådet
Tidlegare saker
Saker som rådet jobba med i 2023
Saker som rådet jobba med i 2022
Saker som rådet jobba med i 2021
- Arbeidsgjevarstrategien i staten – oppfylging av delmåla
- Arbeidsgjevarpolitiske utfordringar som fylgje av pandemien
- Mellomoppgjeret
- Særavtalar til reforhandling
- Stadsuavhengig arbeid i staten
- Medarbeiderundersøkinga i staten
- Leiarlønsordningane i staten