Arbeidsgjevarrådet hadde møte 15. mars 2024.
Desse sakene stod på dagsorden:
- DFD orienterte om aktuelle saker på det statlege arbeidsgjevarfeltet.
- Rådet fekk ei orientering om arbeid som er i gang i DFD om moglege endringar i statsansatteloven.
- Det blei gitt ei orientering om tidslina i oppfølginga av lønsoppgjeret og utfordringar knytt til berekning av pensjonspremiar.
- Det komande hovudtariffoppgjøret vart diskutert, og Arbeidsgjevarrådet ga sine tilrådingar.
- På rådet sitt neste møte er det planlagt eit møte med digitaliserings- og forvaltningsministeren, og rådet diskuterte kva for saker dei ynskjer å ta opp i dette møtet.
Neste møte er planlagt 14. juni.