Gode i staten

I oversikta under kan du lese om fleire gode som kan gjelde for tilsette i staten.

En person som tar spensthopp
Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret
Trening i arbeidstida er eit gode nokre statlege verksemder byr på.

Statstilsetteundersøkinga viser at tilsette i staten vert motivert av meiningsfulle arbeidsoppgåver. Høve til å utvikle kompetanse er eit viktig gode i staten.

Fleksibel arbeidstid

Mange verksemder i staten har fleksitid. Det betyr at det finst ei kjernearbeidstid der alle må vere på jobb, og ei ytre arbeidstid.

Plusstimar kan du ta ut som tenestefri. Du kan avspasere inntil fem dagar plusstid i eitt, og du kan avspasere 24 dagar i året.

Ulike permisjonsordningar i staten

Utdanningspermisjon

Betalt permisjon til kompetanseheving og utdanning er attraktivt for arbeidstakarar. Det er opp til verksemda om dei ønskjer å gi tilsette permisjonar med eller utan lønn.

Velferdspermisjon

Når viktige velferdsårsaker ligg til grunn kan statlege arbeidstakarar få velferdspermisjon med løn i inntil 12 arbeidsdagar (Hovudtariffavtalane § 22).

Du kan lese meir om andre former for permisjonar under:

Pensjon, AFP, lån og forsikring

Alle tilsette i staten er medlem av Statens pensjonskasse. Statens pensjonskasse utbetalar pensjon og forsikring. Vidare har tilbyr også SPK bustadlån for tilsette i staten.

Les meir om godene som SPK tilbyr:

Tenestetelefon og breiband

Mange verksemder tilbyr tenestetelefon og breiband gjennom jobben. Dette vert tildelt ved behov.

Aviser

Den tilsette kan få refundert eitt avisabonnement etter ei individuell vurdering.

Parkering

Nokre verksemder tilbyr parkering til dei tilsette. Plassar vert tildelt fritt eller etter søknad.

Trening

Nokre verksemder legg til rette for at dei tilsette kan trene i arbeidstida. Einskilde verksemder har også eit eige treningsopplegg på sjølve arbeidsplassen.

Firmabil

Nokre tilsette har firmabil i tenesta.

Bilar som arbeidsgjevar rår over, eller som vert leasa av arbeidsgjevaren, skal normalt verte rekna som løn og den tilsette må skatte av fordelen.

Oppdatert: 27. november 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.