Arbeidsgjevarrådet

Arbeidsgjevarrådet skal bidra til å styrke rolla til verksemdene og ansvaret verksemdene har for å utvikle og gjennomføre den statlege arbeidsgivarpolitikken.

Arbeidsgjevarrådet skal gi Kommunal- og distriktsdepartementet betre informasjon og meir kunnskap om verksemdene. Rådet skal fremje interessa til verksemdene, styrke gjennomføringa av arbeidsgjevarpolitikken i staten, og gi råd til departementet.

Samansetjing av Arbeidsgjevarrådet

Leiar i rådet, nestleiar og medlemmene vert valde av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Rådet er satt saman av 15 statlege verksemdsleiarar. Samansetjinga av rådet skal spegle mangfaldet av statlege verksemder.

Desse er med i rådet

  • Leder: Seunn Smith-Tønnessen, UiA
  • Nestleder: Rolf Gunnar Jørstad, Norsk pasientskadeerstatning
  • Pål Molander, Stami
  • Trond Rønningen, Forbrukertilsynet
  • Thorbjørn Thoresen, Forsvarsbygg
  • Øystein Børmer, Tolletaten
  • Christine Wilberg, Sekretariatet for konfliktrådene
  • Hanna Geiran, Riksantikvaren
  • Gina Lund, Statsforvalteren i Agder
  • Øystein Vidar Lund, Kulturtanken
  • Anne Marie Glosli, Landbruks- og matdepartementet
  • Geir Samuelsen, Justervesenet
  • Kjetil Lund, NVE
  • Ingrid Dahl Hovland, Statens vegvesen
  • Bård Vegar Solhjell, Norad

Sekretariatet til Arbeidsgjevarrådet ligg i DFØ. Har du saker du ønskjer rådet skal få vete om, kan du kontakte sekretariatet:

Seniorrådgiver Marianne Jørgensen
E-post
marianne.jorgensen@dfo.no

Oppgåvene til Arbeidsgjevrrådet

  • Aktivt bidra til å utvikle den statlege arbeidsjevarpolitikken
  • Auke kunnskapsgrunnlaget hjå den sentrale arbeidsgjevarfunksjonen
  • Drøfte viktige problemstillingar rundt korleis arbeidsgjevarrolla skal utøvast i staten og gi samordna tilbakemeldingar
  • Gi tilbakemeldingar på rolla til KDD som sentral statleg arbeidsgjvarfunksjon, på rolla til DFØ og rolla til dei lokale arbeidsgjevarane i staten
  • Fremje interessene til verksemdene på eige initiativ ovanfor Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Arbeidsgjevarrådet skal ikkje vere sakshandsamings- eller klageorgan for verksemdene, men rådet kan orienterast om saker av prinsipiell eller overordna karakter.

Slik jobbar Arbeidsgjevarrådet

Rådet har valt møter som si arbeidsform. Det vert ført referat frå møta. Arbeidsgjevarrådet har møte minimum fire gonger i året.

Rådet er underlagt forvaltningslova, offentleglova og arkivlova. Eventuell usemje i rådet skal kome fram i referat, og ulike syn skal verte formidla til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kommunal- og distriktsdepartementet skal orientere rådet om aktuelle saker, og sende rådet saker som gir høve til reell innverknad.

Arbeidsgjevarrådet skal, når det er naudsynt, involvere og halde statlege verksemder orientert om arbeidet.

Saker Arbeidsgjevarrådet har jobba med i 2021

  • Arbeidsgjevarstrategien i staten – oppfylging av delmåla
  • Arbeidsgjevarpolitiske utfordringar som fylgje av pandemien
  • Mellomoppgjeret
  • Særavtalar til reforhandling
  • Stadsuavhengig arbeid i staten
  • Medarbeiderundersøkinga i staten
  • Leiarlønsordningane i staten

Vedtekter for Arbeidsgjevarrådet

Oppdatert: 23. november 2022

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord