Arbeidsgjevarrådet januar 2022

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 21. januar 2022.

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram møtte rådet og utveksla synspunkt med rådsmedlemmene med utgangspunkt i Hurdalsplattforma og arbeidslivspolitikken i den.

Desse sakene stod på dagsorden elles:

  • Orienteringssaker frå departementet. KDD orienterte om relevante saker til behandling i stortinget og departementet, arbeidet med relevante avtalar til forhandling og status på relevante høyringssaker.
  • Diskusjon om mangfald og inkludering. Rådsmedlemmene delte sine røynsler kring arbeid med mangfald og inkludering og ga innspel til departementet sitt vidare arbeid med emnet.
  • Diskusjon om førebelse stillingar og deltid. Rådsmedlemmene ga sine innspel til departementet sitt vidare arbeid, særleg kring førebelse stillingar.
  • Særavtalar som går ut i 2022. Rådet gjekk gjennom avtalar som går ut i år, og vil koma attende til dei einskilde avtalane i seinare møter.
  • Tilbakemelding frå møte med Leiarlønsutvalet. Rådet sin leiar og nestleiar orienterte om møte med Leiarlønsutvalet i staten.
Publisert: 26. januar 2022 Oppdatert: 10. oktober 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.