Møte i Arbeidsgjevarrådet juni 2023

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 9. juni 2023. Sjå dagsorden for møtet.

Desse sakene stod på dagsorden:

  • Å vera statleg arbeidsgjevar i omstilling. Rådet diskuterte ulike arbeidsgjevarrelaterte problemstillingar knytte til omstilling etter at helsedirektør Bjørn Guldvog hadde innleidd til diskusjon med utgangspunkt i eigne erfaringar.
  • Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) orienterte om aktuelle saker og status i saker som rådet har vore inne i tidlegare.
  • Leiarplakat for staten. KDD orienterte om status for arbeidet med ny leiarplakat.
  • Arbeidsgjevarstrategien for staten. KDD orienterte om status i arbeidet med å revidere arbeidsgjevarstrategien.
  • Det er planlagt eit møte mellom rådet og kommunal- og distriktsministeren i september, og rådet diskuterte kva for saker dei ynskjer å drøfte i dette møtet.
  • Neste møte i rådet er planlagt 14. og 15. september 2023.
Oppdatert: 20. juni 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.