Arbeidsgjevarrådet september 2025

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 18. og 19. september 2025.

Desse sakene stod på dagsorden:

  • Varsling
    • Arbeidsgjevarrådet var invitert til å gje innspel til ny rettleiar om handsaming av varslingssaker.
  • Rekruttering i lys av den sikkerheitspolitiske situasjonen, særleg stillingar som ikkje krev sikkerheitsklarering.
    • Rådet fekk ei orientering om korleis ein arbeider med temaet i Norsk Helsenett, og diskuterte vidare ut frå eigne erfaringar.
  • Rapport om KI
    • Arbeidsgjevarrådet fekk ein presentasjon av rapporten om generativ KI i statlege verksemder som var lagt fram i juni.
  • Ny lærlingstrategi i staten (2026 – 2029)
    • Rådet var invitert til å gje innspel til arbeidet.
  • Orientering frå personaldirektøren
    • Statens personaldirektør orienterte om aktuelle saker på det arbeidsgjevarpolitiske området.
  • Lønnsdanning i staten
    • Arbeidsgjevarrådet hadde bede om ei orientering om temaet, og fekk presentert eit notat som viste statistikk og oversikt over ulike emne knytt til temaet.
  • Særavtalar til forhandling hausten 2025
    • Arbeidsgjevarrådet gav si tilråding.
Arbeidsgjevarrådet i staten

Sjå kven som sit i rådet og kva saker rådet er oppteken av.

Oppdatert: 24. september 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.