Sjå kva beredskap de skal ha som arbeidsgivar om det skulle bli streik i staten.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har publisert streikeberedskapen som blir aktuell om det blir varsla streik.
Sjå kva beredskap de skal ha som arbeidsgivar om det skulle bli streik i staten:
Viktige dokument i streikeberedskapen
DFD har lagt ut to viktige dokument du bør kjenne til:
Lag ein plan for eventuell streik i verksemda
Verksemda di bør lage ein plan for kva de skal gjere om det blir streik. Sjå meir om dette i kapittel 2.1 i Arbeidskonfliktar i staten. Her er nokre viktige punkt i planlegginga:
- De må lage en plan for verksemda.
- Planen må bli forankra i verksemda med ein gong det kjem signal om eit mogleg brot og streik.
- Om det blir streik, må de ha eit godt samarbeid med dei hovudtillitsvalde om korleis leiinga kan ha ein ryddig dialog under streiken. Gå gjerne gjennom planen og ver tydeleg på korleis leiinga vil opptre under ein eventuell streik.
- Hugs god og sakleg informasjon til alle. Både tilsette som blir tekne ut i streik, og tilsette som ikkje blir tekne ut, vil trenge informasjon.
- Hugs å informere brukarane om at streik kan påverke tenestene til verksemda.
Når startar ein eventuell streik?
Plassfråtreding, eller streik, kan tidlegast skje 28. mai 2026 klokka 00.01. I praksis er dette frå klokka 06.00, 29. mai 2026.
Om meklinga går over tida, blir fristen for streik utvida.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil via fagdepartementa då varsle om det konkrete tidspunktet for ein eventuell streik.