Lærling i IT-driftsfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i IT-drift, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

IT-driftsfaget handlar om å lære seg korleis ein driftar stabile, sikre og effektive IT-tenester i ei verksemd. 

Det handlar også om å drive brukarstøtte, og å kunne hjelpe kollegaer på arbeidsplassen med utfordringar innanfor IT. 

Faget skal vidare bidra til auka forståing av korleis teknologi opnar for nye måtar å kommunisere og samhandle på.

Oppgåver til lærlingen

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med ny teknologi og kjennskap til korleis IT vert nytta som verktøy og som løysing på praktiske arbeidsoppgåver.

Dette kan vere å gi tilgangar og løyve til skrivarar og serverar for brukarar, hjelpe kollegaer med problem dei har på arbeidsstasjonen, og hjelpe til med å sette opp digitale møte og webinar.  

Typiske oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget er

  • brukarstøtte
  • installasjon av nye system
  • administrere løyve og tilgangar på serverar
  • installere operativsystem på nye arbeidsstasjonar
  • trådlause nettverk og nettverk generelt
  • utarbeide brukarrettleiingar
  • halde kurs for nytilsette
  • gjere enkle innkjøp av utstyr
  • vere teknisk assistent på møte og seminar

Lærlingen vil få kunnskap om å designe og drifte IT-løysingar som tar hand om tryggleik, personvern, brukarvenlegheit og tilgjengelegheit til nødvendige tenester.

Gjennom arbeid med design og drift av IT-tenester bidreg faget også til å utvikle kunnskap om etikk og gjeldande lovverk.  

I løpet av læretida skal også lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.  

Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?

Om verksemda har ei IT-driftsavdeling med brukarstøtte til dei tilsette, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget.

Viktig kompetanse

Norge vil ha et stort behov for IKT-kompetanse allereie i 2030. Om verksemda ønsker nok søkarar til IT-stillingar i framtida, må fleire bidra til å utdanne yrkesutøvarar innan dette feltet. Dette arbeidet startar no.  

Ein lærling i IT-driftsfaget vil raskt kunne bidra aktivt i ei IT-avdeling og vere ei uunnverleg støtte i avdelinga.  

Ein IT-driftsteknikar med fagbrev i IT-driftsfaget er attraktiv på arbeidsmarknaden og ein viktig medarbeidar i ei IT-avdeling. 

Intern opplæringsplan

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Støtte frå OK stat

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 1. mars 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.