Lærling i IT-utviklarfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i IT-utviklarfaget, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

IT-utviklarfaget handlar om utvikling, design og tilpassing av tenester og produkt som heng saman med verksemda sine verksemdsmål og strategiar.

Dette kan for eksempel vere appar eller tenester på verksemda si nettside, både for interne og eksterne brukarar. 

Oppgåver til lærlingen

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med heile utviklingsprosessen: Frå å skape ein idé, planlegge og estimere ressursar, programmere, integrere og brukarteste løysinga, før han vert ferdig og følgt opp gjennom vidare arbeid samarbeid med drift.

Personvern og sikkerheit skal bli ivareteke i arbeidet, og lærlingen brukar dei same arbeids-, programmerings- og utviklingsmetodane til verksemda.  

I løpet av læretida skal lærlingen også få erfaring med arbeidslivet og det å vera ein tilsett.

Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?

Om verksemda di har ei IT-utviklingsavdeling, eller tilsette som jobbar med frondtend, backend eller fullstack, er det ein veldig stor sjanse for at de kan ta inn ein lærling i IT-utviklarfaget.

Viktig kompetanse no og i framtida

Noreg vil ha eit stort behov for IKT-kompetanse allereie i 2030. Om verksemda di ønsker nok søkarar til IT-stillingar i framtida, må fleire bidra til å utdanne yrkesutøvarar innan dette feltet. Dette arbeidet startar allereie nå.  

Ein lærling i IT-utviklarfaget kan for eksempel vere ein av verksemda di sine senior fullstack-utviklarar om nokre år! 

Intern opplæringsplan

Alle fag har ein eigen læreplan. Me har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Støtte frå OK stat

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 29. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.