Lærling i dataelektonikarfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i dataelektronikarfaget, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

Dataelektronikarfaget handlar om å drifte stabile, sikre og effektive IT-system, nettverk og infrastruktur i ei verksemd.

Det handlar òg om å vedlikehalde og reparere elektronisk utstyr og installasjonar som trådlause nettverk og alarmsystem.

Faget skal bidra til forståing av korleis teknologi opnar opp for nye måtar å kommunisere og jobbe saman på.

Oppgåver til lærlingen

Ein lærling i dette faget skal få erfaring i ny teknologi og få kjennskap til korleis eit kommunikasjonssystem er bygd opp med kablar, patchepanel, og ulike komponentar som switcher og rutarar.

Dei skal òg få opplæring i korleis dei kan konfigurere og programmere, teste og feilrette utstyr og mikrokontrollbaserte system.

Korleis ein skal ta hand om sikkerheit og personvern, og korleis ein unngår skade og misbruk er noko som står sentralt i læreplanen.

Gjennom arbeid som dataelektronikar bidrar faget òg til å utvikle kunnskap om å jobbe nøyaktig, effektivt, estetisk og i tråd med gjeldande regelverk.

Lærlingen skal òg få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?

Om verksemda har ein IT-driftsavdeling, har den mange relevante oppgåver for ein lærling i dataelektronikarfaget.

Ein uunnverleg støtte

Ein lærling i dataelektronikarfaget vil raskt kunne bidra aktivt i ein IT-avdeling og vere ein uunnverleg støtte og hjelp i avdelinga.

Ein dataelektronikar med fagbrev er attraktiv på arbeidsmarknaden og er ein viktig medarbeidar i ei IT-avdeling.

Intern opplæringsplan

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Støtte

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 29. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.