Lærling i byggdriftarfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i byggdriftarfaget, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

Byggdriftarfaget handlar om å lære korleis tekniske anlegg og installasjonar i bygningar blir drifta og heldt ved like. Det handlar også om å velje miljø- og energisparande løysingar i bygg som sikrar materiell og brukarane av det.

Om verksemda har ansvar for vedlikehald av eige eller andre sine bygg, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i byggdriftarfaget.

Oppgåver til lærlingen

Lærlingar i dette faget skal få erfaring og delta i dei tekniske installasjonane eit bygg har, som for eksempel varmesentral og ventilasjonsanlegg, og ulike typar heisar og basseng.

Dei skal også få opplæring i energiøkonomisering (ENØK), innføring i korleis jobbe med forvaltning, drift, vedlikehald og utviklingssystemet til bygget (FDVU).

I tillegg skal dei få kjennskap til kva for eksterne leverandørar verksemda har avtalar med.

Gjennom læretida vil lærlingane få kunnskap om korleis miljøperspektivet blir teke vare på ved reparasjonar og gjenbruk av materiell, og utvikle kunnskap om å jobbe nøyaktig, effektivt, estetisk og i samsvar med gjeldande regelverk. I lenka under finn du forslag til tverrfaglege oppgåver i faget som kan vere ein del av den interne opplæringsplanen.

I løpet av læretida skal lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Tverrfaglige tema i byggdrifterfaget.docx
docx 16.21 KB

Ein uunnverleg støtte

Ein lærling i byggdriftarfaget vil raskt kunne bidra aktivt i driftsoppgåver og vere ei uunnverleg støtte og hjelp i vedlikehaldsarbeidet av eit bygg.

Ein byggdrifter med fagbrev er attraktiv på arbeidsmarknaden og er ein viktig medarbeidar i ei driftsavdeling, eller i firma som arbeider med eigedomsforvaltning og utvikling.

Støtte frå OK stat

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 30. mai 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.