Kva vert måla i ei medarbeidarundersøking?
Forsking viser at det er svært mange aspekt ved arbeid som påverkar motivasjonen, helsa og prestasjonane til dei tilsette.
Desse faktorane kan delast i tre område som heng saman:
- faktorar knytt til arbeidsoppgåve
- faktorar knytt til sosiale relasjonar
- faktorar knytt til korleis arbeidet vert organisert.
Medarbeidarens subjektive oppleving
Når de i ei medarbeidarundersøking spør om desse tre faktorane, måler de korleis medarbeidarens subjektivt opplever arbeidet sitt.
Den subjektive opplevinga bidreg til ulike psykologiske tilstander. Det er difor de skal måle desse faktorane. Døme er medarbeidaren si oppleving av meistring i arbeidet, haldningar og prosessar, kor tilfreds han eller ho er med jobben, motivasjon og jobbåtferd. Dette kan blant anna visast gjennom prestasjonar og fråvær.
Kvifor skal de gjennomføre medarbeidarundersøking?
Arbeidsmiljølova pålegg verksemder å kartlegge farar og problem i arbeidet. Med bakgrunn i dette skal de vurdere risikotilhøva i verksemda, utarbeide planar og sette i gong tiltak for å redusere risikoen.
Ei medarbeidarundersøking er eit godt eigna verktøy for ei slik kartlegging. Med andre ord er ei medarbeidarundersøking nyttig når målet er å forbetre arbeidsmiljøet, forebygge og redusere sjukdom og skape trivsel for dei tilsette.
Kartlegging av arbeidsmiljøet er også kritisk for at organisasjonen deira skal klare å gjennomføre strategi og nå måla sine. Omfattande forsking viser at det finnes sterke samanheng mellom korleis dei tilsette opplever arbeidsmiljøet og prestasjonane til organisasjonen.
Når skal de gjennomføre?
De bør gjennomføre ei medarbeidarundersøking anna kvart år, uansett endring i verksemda.