Lærling i service- og administrasjonsfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i service- og administrasjon, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

Service- og administrasjonsfaget handlar om korleis drift, styring og utvikling av ei verksemd fungerer.

Det handlar òg om korleis ein kan utvikle og støtte verksemda med å nå måla sine, og korleis ein kan møte brukarane på best mogleg måte, både digitalt og fysisk.

Oppgåver til lærlingen

Lærlingar i service- og administrasjonsfaget skal få erfaring med å delta i oppgåver som å:

  • arkivere ulike typar saksdokument som kontraktar og avtalar
  • koordinere seminar for interne og eksterne
  • behandle og koordinere dei ulike dokumenta i ein rekrutteringsprosess
  • fordele e-post
  • gi leiarstøtte
  • ta imot brukarar i resepsjon, om de har ein

Prosessar kring medverking er sentralt i faget, så lærlingen kan delta på vernerundar og AMU-møte, og kjøpe inn rekvisita og attestere fakturaer. Med andre ord må dei òg få opplæring i systema som verksemda bruker.

Lovverk og rutinar, som offentleglova, arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta, skal bli ivaretekne under arbeidet, og lærlingen skal få moglegheit til å foreslå korleis ein kan forbetre effektiviteten og kvaliteten i prosessane som finst i verksemda.

Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?

Det er vanleg at lærlingar i service- og administrasjonsfaget er tilsett i ei avdeling i løpet av læretida, men at dei i periodar jobbar i ulike avdelingar for å få erfaring med ulike system og oppgåver.

Dei vanlegaste avdelingane er HR-avdelinga, arkivet og kommunikasjonsavdelinga.

Nokre lærlingar jobbar berre i ei avdeling som kan tilby nok relevante oppgåver gjennom heile læretida.

Ein superhjelpar i verksemnda

Ein lærling i service- og administrasjonsfaget er særskilt nyttig for ei HR-avdeling sidan dei jobbar med organisasjons- og kompetanseutvikling.

Å lære opp ein lærling vil vere kompetanseutviklande for ei heil avdeling og verksemd, men er kanskje særskilt kompetansehevande for dei som gir opplæringa.

Desse får trening i å forklare og grunngi eigne oppgåver og vurderingar, men også i det å lære bort.

Med ein lærling i dette faget får de ein superhjelpar som støtter dykk i hektiske periodar.

Intern opplæringsplan

Alle fag har ein eigen læreplan. Me har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Støtte frå OK stat

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 29. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.