Lærling i mediedesignfaget

Les om kva det vil seie å ha ein lærling i mediedesign, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.

Mediedesignfaget handlar om å skape visuell kommunikasjon, design og produkt til ulike flater som heng saman med verksemda sine mål, strategi og brukarar.

Dette kan til dømes vere:

  • digitale og fysiske foldarar og plakatar
  • presentasjonar
  • nettsider
  • brukargrensesnitt i appar og på nettsider
  • sosiale media

Oppgåver til lærlingen

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med og delta i heile designprosessar frå å utvikle idear og gjennomføre konsept til å marknadsføre og vedlikehalde produktet.

Lovverk, som universell utforming og åndsverklova, skal følgjast under arbeidet, og lærlingen bruker dei same arbeids-, programmerings- og kreative prosessane til verksemda.

I løpet av læretida skal òg lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?

Lærlingar i mediedesignfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling eller i ei avdeling som jobbar med brukargrensesnitt i sine løysingar.

Bidra til profesjonelle produkt

Ein lærling i mediedesign vil vere ein nyttig ressurs når det kjem til å forvalte profilen til verksemda, og bidra til at alle tilsette som skal fremme eit bodskap, både internt og eksternt, har profesjonelle verkemiddel og produkt.

Intern opplæringsplan

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Støtte frå OK stat

Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.

Andre lærefag

Oppdatert: 29. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.