Les om kva det vil seie å ha ein lærling i medieteknikk, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.
Medieteknikkfaget handlar om å handtere og distribuere audiovisuelt innhald ved å lage velfungerande og profesjonelle produksjonar og installasjonar innan film, tv, konferansar, sosiale media og kulturarrangement.
Gjennom arbeid med faget skal lærlingane få forståing for ulike medietekniske løysingar og korleis dei blir brukte.
Oppgåver til lærlingen
Lærlingar i medieteknikkfaget skal erfare og delta i heile prosessar i produksjonar i verksemda.
Dette kan vere å planleggje ressursar og kostnadar, val av verktøy og det å visualisere vegen fram til ferdig produkt.
Dei må òg kunne setje opp teknisk utstyr og sørge for at det fungerer, noko som må bli gjort under eit opptak av ei filminnspeling.
Lærlingen er til stades under gjennomføringa, om må derfor også kunne bruke ulike verktøy i verksemda. Dette kan vere å kunne bruke ein lydmiksepult eller innstillingar for lys.
Etterarbeid, som å grovklippe og leggje til effektar som tekst og lyd, er typiske oppgåver for dette faget.
Dei skal bruke lov- og regelverk, retningslinjer og etikk i arbeidet sitt, få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.
Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?
Lærlingar i medieteknikkfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling eller i ei kurs- eller IT-avdeling som produserer film, konferansar og webinar.
Bidra til kreative produksjonar
Ein lærling i medieteknikkfaget vil vere ein nyttig ressurs når det kjem til å produsere og koordinere både større og mindre produksjonar i verksemda på ulike flater.
Ved at lærlingane får prøvd ut og får innsikt i medieproduksjonar og audiovisuelle installasjonar, vil dei bidra til at verksemda utviklar kreative produksjonar.
Faget legg også til rette for samarbeid med andre, både i og utanfor eigen bedrift og eige fagområde.
Intern opplæringsplan
Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.
Støtte frå OK stat
Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.