Intern opplæringsplan for faget medieteknikk

Alle lærlingar blir følgt opp i verksemda gjennom ein intern opplæringsplan. OK stat har laga eit eksempel for mediedesignfaget som de kan sjå til når de skal lage ein eigen plan.

OK stat har laga eit eksempel på ein intern plan for å gjere planlegginga av lærlingar enklare.  Som regel er det fagleg leiar som følgjer opp og forvaltar den interne opplæringsplanen til lærlingen, men det er vanleg at fagleg leiar får innspel frå andre om oppgåver ein slik plan kan innehalde. 

Eksempelet på intern plan frå OK stat inneheld mange arbeidsoppgåver Meininga er at du skal velje ut oppgåver som passar verksemda. Du skal altså 

  • fjerne oppgåver som ikkje er relevante 
  • leggje til oppgåver de kan tilby som ikkje står i OK stat sin plan 

Førebuing til arbeidet med intern opplæringsplan 

Under har vi lista opp nokre spørsmål og svar som er gode å ta med seg vidare i arbeidet med å lage ein intern opplæringsplan. 

Kvifor ein intern opplæringsplan?

Ein intern opplæringsplan skal sørge for at du som  fagleg leiar får ei god oversikt over kva lærlingen skal lære og gjere, og kven som har ansvaret for å gje opplæringa.  

Dei fleste lærlingar skal gjennom fleire oppgåver, og fagleg leiar skal ikkje gjere alt aleine. Planen hjelper til med systematisk og føreseieleg opplæring både for deg og lærlingen din. Planen skal vise samanheng mellom kompetansemåla i læreplanen og dei faktiske arbeidsoppgåvene lærlingen skal gjere i løpet av læretida slik at lærlingen kan følgje si eiga utvikling og progresjon.  

Kva skal planen innehalde?

Planen skal minimum innehalde

  • kompetansemål 
  • abeidsoppgåver eller kurs lærlingen kan ta som høyrer til kvart enkelt kompetansemål 
  • tidsperioden lærlingen skal få opplæring 
  • ansvarsfordeling for opplæringa
Korleis bruke eksempelet på intern læreplan frå OK stat?

Planen til OK stat inneheld berre kompetansemål og forslag til opne arbeidsoppgåver. For å sørge for at den interne planen er best mogleg tilrettelagt for verksemda, må du som fagleg leiar konkretisere oppgåvene enda meir. Til dømes kan de spesifisere namnet på eit prosjekt, ein arbeidsmetode, eit program eller verktøy de brukar i verksemda 

I OK stat sin plan kan det til dømes stå «Kjenne til og gi råd om val av riktig filformat til ulike produksjonar». Her kan du spesifikt skrive i din plan at «lærlingen skal gi råd om riktig format til filmar på LinkedIn».  

Kva gjer eg når planen er ferdig?

Når planen er ferdig, skal han bli sendt til okstat@dfo.no saman med CV-en til den som skal vere fagleg leiar. Det er fagleg leiar som skal ha ansvar for opplæringa.  

OK stat hjelper dykk med å bli godkjent lærebedrift. 

Meir om å ta inn og følgje opp ein lærling 

Eksempel på læreplan for medieteknikkfaget  

OK stat har laga eit eksempel på læreplan i medieteknikkfaget med mange arbeidsoppgåver knytt til kvart av kompetansemåla ein lærling skal gjennom i løpet av læretida.  

Her er det mange oppgåver å velgje mellom, så vel dei som passar verksemda di best. 

Nokre av forslaga handlar om å forklare, reflektere over eller grunngi noko. Her må de som verksemd konkretisere korleis lærlingen skal gjere dette, som til dømes gjennom møte eller dokumentasjon av arbeidet sitt. Metoden vel de altså sjølve, gjerne saman med lærlingen når han eller ho har starta. 

Kompetansemål 1: Planleggje og gjennomføre ein teknisk produksjon frå idé til ferdig produkt på aktuelle plattformer

Under dette kompetansemålet legg de til heile produksjonar lærlingen kan få jobbe med, som webinar eller filminnspilling til ulike kanalar.

Kompetansemål 2: Velje, setje opp og bruke teknisk utstyr innanfor lyd-, lys- og biletproduksjon

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke og vedlikehalde utstyret til verksemda
  • Lese, forstå og bruke rettleiingar til verksemda
  • Legge til rette for ulike produksjonar som podkast, streaming, video  
  • Velje og bruke utstyr til både innandørs og utandørs studio 
  • Grunngi val av utstyr som passar til ulike produksjonar 
Kompetansemål 3: Bruke programvare og utstyr for konfigurasjon av system og løysingar i tekniske produksjonar

Forslag til oppgåver:  

  • Rigge opp naudsynt utstyr til innspeling og opptak av podkast, webinar, film og grafisk innhald 
  • Bruke riktig programvare og verktøy i ulike produksjonsfasar, som InDesign, Adobe Suite og Microsoft Office
Kompetansemål 4: Velje og nytte verktøy for informasjonsdistribusjon og mediepublisering på ulike plattformer tilpassa den aktuelle produksjonen

Forslag til oppgåver:  

  • Bidra som ein del av kommunikasjonsenheten og gi råd i samband med publiseringar  
  • Bruke sosiale og tradisjonelle media til publisering og kommunikasjon 
  • Forhalde seg til og ha kunnskap om andre tilstøytande mediefag, og deira rolle i publisering og kommunikasjon
Kompetansemål 5: Drifte og halde ved like teknisk utstyr

Forslag til oppgåver: 

  • Feilsøking på teknisk og audiovisuelt utstyr  
  • Rapportere om feil på teknisk utstyr etter rutinar i verksemda
  • Bruke utstyr slik det skal brukast
Kompetansemål 6: Gjere greie for bruksområda til ulike filformat og filsystem og velje filformat og filsystem tilpassa den aktuelle produksjonen

Forslag til oppgåver:  

  • Vite om og gi råd om val av riktig filformat til ulike produksjonar  
  • Bruke riktig filformat til riktig flate og kanal  
  • Ha kjennskap til, velje og grunngi korleis val av format påverkar produksjonskjeden og medarbeidarar
Kompetansemål 7: Beskrive kostnadsstyringa i eit prosjekt og sette opp eit budsjett for eit prosjekt

Forslag til oppgåver: 

  • Produsere eit budsjett  
  • Kjenne til styringslina i verksemda
Kompetansemål 8: Gjere greie for val av faglege løysingar i ein produksjon og presentere løysingane til aktørane i eit prosjekt

Forslag til oppgåver:  

  • Argumentere for val av løysingar  
  • Utarbeide ein prosjektplan saman med andre aktørar  
  • Kjenne til heile produksjonskjeden og forstå behova til andre aktørar
  • Lage ein pitch  
Kompetansemål 9: Utforske og analysere eksisterande system og føreslå og argumentere for tiltak til forbetring av systema

Forslag til oppgåver:  

  • Gi konstruktiv kritikk til løysingane som finst i dag og gi forslag til forbetring
  • Bruke rutinane i verksemda for tilbakemelding, forbetring og innovasjon 
Kompetansemål 10: Vurdere og reflektere over pliktene og rettane til oppdragsgivaren og arbeidstakaren i arbeidet med oppdrag

Forslag til oppgåver:  

  • Forklare kva ein oppdragsgivar og arbeidstakar er, og korleis dei forheld seg til kvarandre  
  • E-læringskurs om samarbeid og medbestemmelse (Læringsplattforma)
Kompetansemål 11: Vurdere risiko og sikkerheit i eit prosjekt i samsvar med gjeldande regelverk, og reflektere over kva konsekvensar regelverket har for eige arbeid

Forslag til oppgåver: 

  • Kjenne til HMS-rutinar i verksemda
  • Analysere risiko og beskrive desse i ein prosjektplan
Kompetansemål 12: Gjere greie for miljømessige konsekvensar ved ein produksjon og foreslå utbetringstiltak

Forslag til oppgåver:  

Kompetansemål 13: Gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i læreverksemda

Forslag til oppgåver:  

  • Setje seg inn i interne rutinar, mål, strategiar og verdiar og vite kor informasjon om dette ligg  
  • Bli kjent med eigne rettar som lærling på okstat.no  
  • Bli kjent med inkluderende arbeidsliv (IA) og verksemdens arbeid for å fremme ein likeverdig arbeidsplass  
  • Bruke HMS-rutinar  verksemda 
  • Delta i ombordstigingsprogram for nytilsette 
  • Notere kva hen trur at eit likeverdig og inkluderande yrkesfellskap betyr 
  • Dokumentere korleis eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap blir teke hand om på arbeidsplassen 
  • Reflektere og dokumentere kva for pliktar og rettar arbeidsgivar har 
  • Reflektere og dokumentere kva for rettar og pliktar arbeidstakar har 
Oppdatert: 30. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.