Møte i Arbeidsgjevarrådet november 2021

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 12. november 2021. Desse sakene stod på dagsorden.

  • Orienteringssaker frå departementet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet orienterte om relevante saker på høyring, oppfylgjing av Arbeidsgjevarrådet sitt innspil om stadsuavhengig arbeid, prolongeringa av Hovedavtalen i staten og arbeidet med å oppnevne nye medlemmer til Arbeidsgjevarrådet.
  • Hurdalsplattformen. Overordna gjennomgang av relevante saker frå eit statleg arbeidsgjevarperspektiv.
  • Resultat frå Arbeidsgjevarbarometeret  hausten 2021. Rådet vart orientert om dei førebelse resultata frå Arbeidsgjevarbarometeret.
  • Kompetanse. KMD presenterte utkast til strategisk målbilde for kompetansearbeidet i staten og rådet kom med sine innspel.
  • DFØ sitt bidrag til gjennomføring av arbeidsgjevarstrategien. DFØ presenterte status og planer for arbeidet sitt, og rådet kom med sine innspel.
  • Medarbeiderunsersøkinga i staten. DFØ presenterte status og framdrift i arbeidet med ny medarbeiderundersøking i staten.
  • Leiarlønsutvalet i staten. Representantar frå Arbeidsgjevarrådet er invitert til møte med Leiarlønsutvalet, og rådet ga sine innspel til kva det ville vera aktuelt å ta opp med utvalet.

Det blir utskiftingar i Arbeidsgjevarrådet frå januar 2022. Ny leiar for rådet blir då Seunn Smith-Tønnessen, Universitet i Agder. Rolf Gunnar Jørstad, Norsk pasientskadeerstatning blir ny nestleiar.

Publisert: 29. november 2021 Oppdatert: 11. januar 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.