I april presenterte NAV sin omverdsanalyse. Analysen viser trendar som er aktuelle også andre plassar i forvaltninga.
Ved å analysere utviklingstrekk som har innverknad på organisasjonen i tida framover, vert omverdsanalysen til NAV ei viktig kjelde til diskusjon og refleksjon om verksemda sine strategiar og planar i tida framover.
Rapporten peikar på tunge trendar som til dømes ein aldrande befolkning og ny krav som kjem i takt med digitaliseringa. Rapporten omtalar ein arbeidsmarknad som vil vere prega av omstilling og mangel på arbeidskraft.
I denne samanhengen vert arbeidet verksemdene gjer med kompetanseutvikling og livslang læring viktig.
Gå inn og les heile rapporten på NAV sine heimeside
Ønskjer du å vite meir om korleis du kan jobbe med framsyn? Gå til vår fagside om korleis du og verksemda kan førebu dykk på arbeidslivet i framtida, og til dømes legge til rette for desentralisert arbeid.