Frå lærling til tilsett i Lotteritilsynet

Har du tenkt på at lærlingar har fersk kompetanse, og at rekruttering av eigne lærlingar styrkar fagmiljøet? Lotteri- og stiftelsestilsynet er ei av verksemdene som har tilsett ein av dei tidlegare lærlingane sine i ei midlertidig stilling.

Trym Sebastian Hegrens var topp motivert for å starte i stillinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Læretida i verksemda blei avrunda med ei fagprøve til beste karakter i IT utviklar-faget, bestått mykje godt.

Målretta opplæring gir god overgang til arbeid

Tida som lærling har førebudd han godt på overgangen til yrkeslivet. Utviklande arbeidsoppgåver, tillit under ansvar og eit sterkt fagmiljø som deler kunnskap har vore sentrale stikkord for opplæringa til Trym.

– Det viktigaste eg tek med meg frå læretida er erfaringa med reelle oppgåver og kor viktig samarbeid og kommunikasjon er for å finne gode løysingar, seier han.

I den nye rolla jobbar han mellom anna med programmering, testing og integrasjonar i ulike løysingar innanfor kundebehandlingssystem.

Ei investering i framtidig kompetanse

Fagleg leiar Lars Gaute Terum meiner gevinsten ved å tilsetje tidlegare lærlingar er stor, både for verksemda og for faget.

– Vi får rekruttere personar vi allereie kjenner godt. Læretida gir eit mykje betre grunnlag for rekruttering enn ein vanleg tilsettingsprosess, seier han.

Han peikar også på at unge medarbeidarar utfordrar etablerte arbeidsmåtar:

– Dei kjem inn med nye perspektiv og får oss til å stille viktige spørsmål: Gjer vi dette fordi det er ein god idé, eller fordi vi alltid har gjort det slik?

For ei lærebedrift handlar det om å utvikle eiga verksemd og bygge kompetanse for framtida. Dersom lærlingen blir tilsett, får verksemda og fagmiljøet igjen for den investeringa som er gjort gjennom læretida.

Publisert: 23. juni 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.