Kva gjer eg om det blir varsla streik? 

Sjå kva beredskap du skal ha som arbeidsgjevar om det skulle bli streik i staten.

Denne saka handlar om kva du som arbeidsgjevar gjer i forkant av ein streik.

Kven svarar deg som arbeidsgjevar på streikespørsmål?

Statens arbeidsgiverstøtte svarar ikkje på faglege spørsmål ved en streik.

Faglege spørsmål, som ikkje kan avklarast mellom departement og verksemd, kan takast opp av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Send e-post til:

 DFD-streikeberedskap@dfd.dep.no.

Hugs å merke e-posten med "Fagleg spørsmål knytta til beredskapsarbeid.".

Last ned eksempel og protokoller for ein eventuell streik

Eksempel på plan under en eventuell streik (2024)
docx 19.63 KB

Når startar ein eventuell streik? 

Plassfråtreding, eller streik, kan tidlegast skje  24. mai 2024 klokka 00.01. I praksis er dette frå klokka 06.00, 24. mai 2024.  

Om meklinga går over tida, blir fristen utvida. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) vil via fagdepartementa då varsle om det konkrete tidspunktet for ein eventuell streik.  Departementa vil varsle sine underliggande verksemder. 

Streikeberedskap for arbeidsgjevarar 

Protokoll for dispensasjon om plassfråtreding 

DFD har informasjon om streikeberedskap på sidene sine om lønsoppgjeret. Her finn du protokoll for dispensasjon frå varselet om plassfråtreding for arbeidstakarar. 

Les personalmeldinga om arbeidskonfliktar 

Departementet sendar ei personalmelding om korleis du som arbeidsgjevar skal handtere arbeidskonfliktar om det blir streik. 

DFD har også laga rettleiing for korleis verksemdene skal opptre i arbeidskonfliktar i staten. Som arbeidsgjevar bør du setje deg inn i desse dokumenta no. 

Lag ein plan for eventuell streik i verksemda 

Eksempel på plan under en eventuell streik (2024)
docx 19.63 KB

Verksemda di bør lage ein plan for kva de skal gjere om det blir streik. Sjå meir om dette i kapittel 2.1 i  Arbeidskonfliktar i staten. Her er nokre viktige punkt i planlegginga: 

  • Planen må lagast til verksemda di, og bli forankra i verksemda med ein gong det kjem signal om eit mogleg brot og streik. 
  • Om det blir streik, må du ha eit godt samarbeid med dei hovudtillitsvalde om korleis leiinga kan ha ein ryddig dialog under streiken. Gå gjerne gjennom planen og ver tydeleg på korleis leiinga vil opptre under ein eventuell streik. 
  • Hugs god og sakleg informasjon til alle. Både tilsette som blir tekne ut i streik, og tilsette som ikkje blir tekne ut, vil ha behov for informasjon. 
  • Hugs å informere brukarane om at streik kan påverke tenestene til verksemda. 

 

Oppdatert: 24. mai 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.