Lønsfastsetting

Den lokale lønspolitkken skal ligge til grunn for lønsfastsetting. Bruk politikken aktivt til å understøtte måloppnåinga for verksemda di.

Løn er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å rekruttere og halde fast på dyktige medarbeidarar.

Det er viktig med kunnskap og informasjon om korleis arbeidsmarknaden ser ut for kompetansen som du er interessert i å rekruttere.

Vidare er det også viktig å ha oversikt over turnover og andre personaldata som viser utvikling som kan ha konsekvensar for leveransane i verksemda. Bruk desse oversiktane aktivt i arbeidet med lønsfastsetjing. Som arbeidsgjevar har du handlingsrom til å påvirke lønsutviklinga i di verksemd.

Det kan og vere lurt å sjå til utviklinga i månadsløn andre stader:

Lønsfastsetting for medarbeidarar

Den lokale lønspolitikken er utgangspunktet for å fastsette løn.

Som leiar har du ansvar for å gjere deg kjent med lønspolitikken  i verksemda. Når du skal lyse ut ei ledig stilling skal løna for stillinga drøftast før kunngjering. Det er arbeidsgjevar som tek den endelege avgjerda.

Nytilsette kan få løna vurdert etter prøvetida.

Relevante lenker når du skal fastsette løn

Leiarløn

Leiarlønsordninga i staten er utvikla for å skape god samanheng mellom resultat og løn. Ordninga gjeld i hovedsak for toppleiarar i staten.

Det er Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) som forvaltar systemet, og fagdepartementa vurdere sjølve om dei ønsker å bruke ordninga.

 

 

Oppdatert: 17. april 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.