For å ta gode avgjerder i verksemda, bør du ha eit godt kunnskapsgrunnlag og gode HR-data over høve som gjeld tilsette, kompetanse og løn.
Oversikt over tilsette fordelt på avdelingar, kompetanse og løn er ofte gode grunnlagsdokument når du til dømes skal drive utviklingsarbeid og omstillingsarbeid i verksemda.
HR-rapportar eller HR-analysar vert utarbeida i samanheng med lokale lønsforhandlingar, rapportering av sjukefråvær og turnover. Om du jevnleg tek ut personaldata, kan du lage gode analysar over utviklingstrekk innan verksemda.
Nedst på denne sida finn du nokre døme på data om statstilsette som du kan bruke for å samanlikne med data i eiga verksemd.
Kom i gong med HR-analysar
I tillegg til regelbundne rapportar innan løn og sjukefråvær, vil det vere nyttig for mange verksemder å utarbeide kunnskapsgrunnlag og analysar som gir oversikt over kompetansen som trengs framover. Aktuelle spørsmål kan vere:
- Kva er den avgjerande kompetansen i verksemda di no og i framtida?
- Kva er turnover og demografi på den avgjerande kompetansen?
- Kva utfordringar er det i arbeidsmarknaden på kompetanse de treng i dag og i framtida?
Bruk medarbeidarmålingar og evalueringar
Medarbeidarmålingar, til dømes medarbeidarundersøkingar, tar temperaturen på det indre liv i organisasjonen.
Her får du tal og analysar som bør koplast saman med andre HR-data. Dette er viktig styringsinformasjon, som seier mykje om utfordringsbiletet til verksemda. Til saman dannar desse eit godt grunnlag for avgjerder og tiltak for å utvikle organisasjonen og menneska i den.
HR-rapportar bør koplast saman med annan styringsinformasjon. Under ser du eit døme på korleis HR- data kan setjast saman med andre styringsparameter i verksemda.
Døme på HR-analysar i ei verksemd
| Mål for verksemda | Datakilde | Data | Analyse |
|---|---|---|---|
| Vi skal redusere risikoen for å miste naudsynt kompetanse | HR-data | Turnover, sluttårsak | Kva er de tre hyppigaste årsakene til at folk sluttar? |
| HR-data | Medarbeidardemografi (alder, kjøn, kompetanse) | Kven risikerer vi å miste? | |
| HR-data | Medarbeidarundersøking | Analysar av arbeidsmiljø, leiing med meir | |
| Data frå ulike område av verksemda, til dømes økonomi og andre fagavdelingar | Brukartilfredsheit | Måloppnåinga til verksemda | |
| Data frå ulike område av verksemda, til dømes økonomi og andre fagavdelingar | Produktivitet og kvalitet | Omstillingsevna til verksemda |
Aktuelle artiklar for deg som skal jobbe med HR-data
Under har vi lenka inn analysar gjort av DFØ, blant anna over sjukefråvær på departementsområde og anna aktuell data du kan bruke når du sjølv skal gjere analysar.