Arbeidsgjevarrådet september 2022

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 15. og 16. september 2022.

  • Fjernarbeid og heimekontor i staten. Under dette temaet hadde rådet invitert adm.dir. Morten Rosenkvist frå Lånekassen til å dele erfaringar frå den piloten deira IT-avdeling er i gang med der dei lyser ut stillingar med opning for å jobbe heimanfrå over heile Noreg. Rådet ga sine innspel til det vidare arbeidet med fjernarbeid og heimekontor.
  • IA-avtalen. Rådet vart orientert om status for IA-arbeidet og avtalen som går ut ved komande årsskifte.
  • Tillitsreforma. Statssekretær i KDD, Gunn Karin Gjul orienterte om arbeidet med dette i regjeringa. Rådet ga innspel til det vidare arbeidet med tillit.
  • Orientering frå departementet. KDD orienterte om aktuelle saker og status for saker som rådet har vore inne i tidlegare.
  • Hovudavtalen. Rådet ga sine innspel til dei planlagde forhandlingane om Hovudavtalen hausten 2022.
  • Særavtalar til behandling hausten 2022. Rådet ga si tilråding til forhandling av særavtalar hausten 2022.

Neste møte i Arbeidsgjevarrådet er planlagt 18. november.

Oppdatert: 21. september 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.