Arbeidsgjevarrådet hadde møte 26. januar 2024. Sjå sakene på dagsordenen.
Desse sakene stod på dagsorden:
- Arbeidstid. Rådet fekk ei orientering om reglane kring arbeidstid, mellom anna forholdet mellom arbeidsmiljøloven sine reglar og reglane i hovudtariffavtalen.
- Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orienterte om aktuelle saker på det statlege arbeidsgjevarfeltet.
- Møte mellom Arbeidsgjevarrådet og hovudsamanslutningane i staten. Leiarane for dei fire hovudsamanslutningane møtte rådet til ein open samtale om aktuelle tema. Møtet var ei oppfylging av tilsvarande møte i 2023.
- Toppleiarkonferansen 2024. Rådet ga sine innspel til aktuelle tema for konferansen.
- Grunnlag for god leiing i staten. Rådet ga sine innspel.
- Arbeidsgjevarstrategien for staten 2024 – 2027. Rådet ga sine innspel.
Neste møte er planlagt til 15. mars 2024.