Nordisk utvekslingsordning (NORUT)

Lurer du på korleis dei jobbar innanfor feltet ditt i dei andre nordiske landa? Nordisk utvekslingsordning gir ein tilsett i staten høve til å arbeide 14 dagar til 6 månader i eit anna nordisk land.

Organisering av statlige virksomheter i Norden
pdf 332.42 KB

Nordisk utvekslingsordning (NORUT) kan gje deg erfaringar, inspirasjon og nye perspektiv som du tar med tilbake til verksemda di.

Korleis bruke NORUT?

Kva er Nordisk utvekslingsordning?

Nordisk ministerråd ønsker å utveksle kunnskap og erfaringar på tvers av dei nordiske landa, og gjer kvart år midlar til Nordisk utvekslingsordning.

Statlege verksemder kan gjennom ordninga la tilsette reise på utveksling eller hospitering i dei andre nordiske landa. Slik kan verksemda bli kjend med utviklingsprosjekt, arbeidsformer, forvalting og lovgiving i eit anna nordisk land, og få erfaringar og relevante kontaktar i Norden. Som hospitant vil du auke kompetansen din, og kan bli ein viktig ressurs i utvikling av eiga verksemd. Opphaldet kan vare frå 14 dagar til 6 månader.

Har du spørsmål til NORUT?

Kvart nordisk land har ein kontaktperson i Nordisk utvekslingsordning som mellom anna svarar på spørsmål og behandlar søknadene

I Noreg er dette oss i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Ikkje nøl med å ta kontakt med kontaktpersonen om du har spørsmål.

Kontaktperson: Kari Vahabzadeh
E-post: [email protected]

Leiarar som sender medarbeidarar på utveksling gjer ei langsiktig investering i heile avdelinga. Dei som kjem tilbake frå utveksling har fått

  • nye erfaringar
  • fagleg påfyll
  • nettverk som kan kome fleire til gode

Stipend

Som hospitant søker du stipend frå Nordisk ministerråd. Du må søke stipend før hospiteringa tek til.

Stipendet

  • er for tida på 18 000 danske kroner i månaden
  • skal dekke meirutgifter til bustad og opphald.
  • kan dekke inntil seks månader samanhengende

Du kan ikkje søke eller få innvilga eit nytt stipend før det har gått eit år etter siste hospitering.

Pliktar under opphaldet

Som hospitant har du:

  • arbeidsplikt under utvekslinga
  • plikt til å følge reglane til arbeidsstaden om til dømes arbeidstid og teieplikt
  • plikt til å gjere tildelte arbeidsoppgåver

Om plikane ikkje blir gjort, må du betale tilbake stipendet. Det gjeld og om stipendet ikkje er brukt i samsvar med formålet, eller viss utgiftene blir dekte av andre stipendordningar.

Løn under opphaldet

Det er arbeidsgivaren din i heimlandet som betalar løna di og som gir deg tenestefri under opphaldet. Under utvekslingsperioden tener du opp vanleg ansiennitet for løn og pensjon.

Slik søker du utveksling

Samtale mellom leiar og medarbeidar

Nordisk utvekslingsordning er eit flott kompetansetiltak, og både leiar og tilsett kan ta dette opp i samtalar om kompetansetiltak. De bør ha eit klart mål med opphaldet gjennom NORUT.

Etablering av utvekslinga

Tilsette som ønsker å bruke Nordisk utvekslingsordning, må sjølv gjere ei avtale med aktuell arbeidsplass. Leiarar og andre medarbeidarar kan være gode kjelder til kor tilsette kan få hospitering og kan hjelpe til med å etablere kontakt med den relevante verksemda.

Søknad til Nordisk utvekslingsordning

Når du og din og næraste leiar har blitt einige og gjort ein avtale med ein arbeidsplass i Norden, skal du sende ein søknad om utveksling og stipend. Søknadsskjema finn du her:

Rapportering etter endt opphald

Som hospitant skal du fylle ut eit skjema for å rapportere frå opphaldet. Dette gjer du seinast ein månad etter at du har kome heim.

Lenke til det digitale skjemaet for rapportering får du frå kontaktpersonen for Nordisk utvekslingsordning i DFØ. Rapporten du gir er ein viktig del av den årlege evalueringa til Nordisk ministerråd av utvekslingsordninga.

Ofte stilte spørsmål frå søkarar

Kven kan søke om stipend?

Alle som er tilsette i staten kan søke, men du må avklare det fyrst med næraste leiar.

Kan eg ta med familien?

Ja, men kostnader utover stipendet må du dekke sjølv. Dette gjeld og reisekostnader.

Kor lenge kan eg vere borte?

Opphaldet varar i minimum 14 dagar og maksimum 6 månader innanfor eit kalenderår. Du kan ikkje ta opptent avspasering eller ferie i perioden du hospiterar. Viss du ønsker å ta fri i perioden, må du skrive det i søknaden slik at stipendet blir avkorta desse dagane.

Makstida for utveksling er seks månader. Du kan ikkje få ny hospitering før du har vore gjennom en karenstid på eitt år etter endt periode.

Får eg dekt kostnader til reise?

Du kan søke om å få dekt reisekostnadene. Nordisk utvekslingsordning prioriterer å dekke stipend til opphald. Om det er midlar igjen i ordninga, kan rådet vurdere å dekke reise. Du kan og søke om å få dekt desse av arbeidsgivar heime.

Får eg vanleg løn under opphaldet?

Ja, det er arbeidsgivar heime som betalar løn i tida du er vekke.

Korleis får eg stipendet mitt?

Stipendet blir heilskap betalt ut før du reiser. Du får refundert eventuelle reisekostnader etter at opphaldet er avslutta.

Når bør eg søke stipendet frå Nordisk utvekslingsordning?

Først må du avtale med næraste leiar om du kan få tenestefri med løn for å vere hospitant i eit anna nordisk land. Så må du bestemme deg for land og stad. Du kontaktar sjølv den aktuelle verksemda du ønsker å hospitere i. Når du har fått ei avtale, kan du søke stipend. Du søker stipend i landet du reiser frå. Søknadsbehandlinga tek normalt 14 dagar. Viss du får stipend, bør leiaren din og den andre verksemda underteikne ein avtale om hospitering.

Kva skal eg skrive i søknaden?

Før du søker, må du ha stadfesting frå verksemda du skal til i mottakarlandet at du skal jobbe der . Når du søker, bruker du digitalt søknadsskjema. Du skal fylle inn

  • personalia og kontaktinformasjon til arbeidsstaden din heime og til verksemda i mottakarlandet
  • kor lenge du skal hospitere
  • planen for kva du vil lære og kva slags erfaringar du reknar med å ta med heim
  • anna informasjon som du meiner vi bør ha kjennskap til

Til slutt i søknaden set du namn til næraste leiar i verksemda du er tilsett i. Søknaden blir sendt digitalt med kopi til deg. Ta ei utskrift av søknaden. Både du og din næraste leiar må signere søknaden, og sende han tilbake i e-post eller post til kontaktpersonen i landet ditt, i dette høvet til DFØ (sjå kontaktinfo nedst på sida). Frå DFØ får søknaden din til du får svar, går det 14 dagar.

Når er søknadsfristen?

Det er ingen søknadsfrist. Søknadene blir vurderte fortlaupande. Kvart nordisk land har ein pott som blir fordelt på søkarane etter som søknadene kjem inn til DFØ.

Fins det ei liste over arbeidsplassar som eg kan søkje meg til?

Nei, det gjer det ikke fordi det skjer mange endringar i organiseringa i staten frå år til år. Under finn du ei oversikt over organisering av statsforvaltninga i dei nordiske landa. Finn departementsområde lik det du jobbar i. Du kan og spørre eige departement om de kan gi deg namn på liknande verksemder i eit anna nordisk land.

Organisering av statlige virksomheter i Norden
pdf 332.42 KB
Kan dykk hjelpe meg med å finne ein stad å bu?

Du må ordne bustad sjølv. Spør gjerne verksemda du skal hospitere i om dei har nokre tips.

Kva språk må eg snakke?

Tidlegare hospitantar seier at dei snakkar “skandinavisk”. Dei opplev ikkje ulikt språk som ein barriere. Engelsk blir også brukt der ein ikkje forstår kvarandre.

Kven kan eg kontakte om eg har spørsmål om utvekslinga?

Kvart nordisk land har ein kontaktperson i Nordisk utvekslingsordning som svarar på spørsmål. Ikkje nøl med å ta kontakt med kontaktpersonen i landet ditt viss du har spørsmål. Kontaktperson for Noreg, finn du nedst på denne sida.

Kontakt oss om NORUT

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har ansvar for NORUT i Noreg.

Kontakt: Kari Vahabzadeh
E-post: [email protected]

Oppdatert: 13. mai 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.