Personalreglement

Eit personalreglement skal ha reglar for tilsetting i ei verksemd. Samstundes skal det seie noko om handlingsrommet i verksemda.

Alle statlege verksemder skal ha eit personalreglement.

Må avtalast mellom leiinga og organisasjonane

Personalreglementet skal avtalast mellom leiinga i verksemda og tenestemannsorganisasjonane som har forhandlingsrett etter tenestetvistlova.

Mal for personalreglement

Personalreglementet skal sørgje for at verksemda følger statstilsettelova. Personalreglementet handterer og handlingsrommet til verksemda i saker som handlar om tilsetting av arbeidstakarar.

Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ein mal for personalreglement, og ei rettleiing til personalreglement. Rettleiinga fortel deg kva du må ha med, kva som er fornuftig å ha med og kva paragrafer i statstilsettelova som gjeld.

 

Oppdatert: 11. januar 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord