Dei fleste sjukefråvær krev lite oppfølging. Når fråværet varer lenger, har både du som leiar og medarbeidaren plikter og rettar som skal sørge for at medarbeidaren får god oppfølging og kjem raskt tilbake i arbeid.
På denne sida får du oversikt over:
- kva som er lovpålagt
- kva slags møter og planer du som leiar må lage
- kva slags plikter den sjukmelde har
- korleis du kan legge til rette for aktivitet
- kva som gjeld ved ulike fasar av sjukefråværet
Oppfølgingsplan – lovpålagt og viktig
Innan fire veker etter at medarbeidaren blir sjukemeld, skal du lage ei oppfølgingsplan saman med den sjukmelde.
Planen skal:
- vurdere arbeidsevne og arbeidsoppgåver
- greie ut om aktuelle tiltak fra arbeidsgivar
- inkludere behov for støtte bedriftshelsetenesta, Nav med meir)
- ha ein plan for vidare oppfølging
Planen skal du sende uoppfordra til sjukemelder. For verksemder med digital sjukemelding skjer dette via Nav.
Oppfølgingsplanen skal du oppdatere underveis, blant anna etter at de gar hatt dialogmøter eller etter behov.
Slik legg du til rette for arbeid
Tilrettelegging handlar om å finne realistiske løysningar som gjer det mogleg for den sjukmeldte å være i arbeid – heilt eller delvis.
Tiltak kan vere:
- fysisk eller ergonomisk tilrettelegging
- endra arbeidstid, tempo eller krav
- nye eller endra arbeidsoppgåver
- omorganisering av rutinar eller funksjoner
- omplassering
- opplæring eller omskolering
- anskaffing/tilpassing av utstyr
Som leiar skal du vurdere kva som faktisk er mogleg i verksemda. Om medarbeidaren ikkje kan gjere sine vanlege oppgåver, må du sjå etter alternative oppgåver så langt det lar seg gjere.
Plikter for den sjukmelde
Den sjukmeldte medarbeidaren skal aktivt vere med i prosessen og gjere det som er mogleg for å kome tilbake i arbeid.
Den sjukmelde må:
- vere med og samarbeide om løysningar
- delta i lage og gjennomføre oppfølgingsplanen
- møte på dialogmøte med arbeidsgivar og Nav
- forsøke aktivitet gjennom hele sjukefråværet med mindre medisinske grunner gjer det umogleg (til dømes sosiale møte på arbeidsplassen (lunsj, kaffi og liknande)
Som hovudregel skal den sjukmelde ta imot tilbod om behandling, tilrettelegging og tiltak.
Dialogmøte – når og korleis?
Dialogmøte 1 – seinast ved sju veker fråvær
Som leiar og arbeidsgivar skal du invitere den sjukmelde til dialogmøte for å gå gjennom og justere oppfølgingsplanen.
For delvis sjukmeldte held de møtet når du som arbeidsgivar, medarbeidar som arbeidstakar og sjukemelder vurderer det formålstenleg. Den ansatte kan ta med tillitsvalt eller verneombod.
Dialogmøte 2 – NAV-kontroll ved 26 veker
Når medarbeidaren har vore sjukemeld i 26 veker, kallar Nav inn til møte.
Både leiar og medarbeidar må delta på møtet. Som leiar må du sende oppdatert oppfølgingsplan seinast ei veke før møtet
Aktivitetsplikten ved 8 veker fråvær
Innan åtte veker vurderer NAV om aktivitetsplikten er fylt.
Du må dokumentere i oppfølgingsplanen dersom det ikkje er mogleg å legge til rette for aktivitet i verksemda. Den sjukemelde kan bli friteke for aktivitet dersom medisinske forhold gjer det openbart umogleg å gjere oppgåver.