Trendar som treffer forvaltninga

Sist veke presentert NAV sin omverdsanalyse. Analysen viser trendar som er aktuelle også andre plassar i forvaltninga.

Ved å analysere utviklingstrekk som har innverknad på organisasjonen i tida framover vert omverdsanalysen til NAV ei viktig kjelde til diskusjon og refleksjon om verksemda sine strategiar og planar i tida framover.

Rapporten peikar på tunge trendar som til dømes ein aldrande befolkning, nye og endra kompetansekrav som følgje av digitalisering og rask omstillingstakt i arbeidslivet generelt. For å kunne finansiere velferda i framtida må fleire folk i arbeid, og folk må stå lengre i arbeid. Kontinuerleg arbeid med kompetanse og kompetanseutvikling vert avgjerande. Her kan verksemdene vere med å legge til rette. 

Omverdsanalysen til NAV er svært relevant for fleire verksemder i forvaltninga. I arbeidet med utvikling av verksemda, kompetanse og strategiar vil dette dokumentet være ei relevant kjelde.

Gå inn og les heile rapporten på NAV sine heimesider

Nav sin omverdsanalyse 2021  (navn.no)

Ønskjer du å vite meir om korleis du kan jobbe strategisk med HR, se Arbeidsgiverportalens side:

 

Publisert: 31. januar 2019 Oppdatert: 1. desember 2021

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord