Sluttsamtale

Veit du som leiar kvifor tilsette i verksemda sluttar? Ein sluttsamtale kan fortelle deg kvifor.

Last ned evaluering av sluttårsaker

Kunnskap om sluttårsakar er eit nyttig verkemiddel i arbeidet med å forbetre seg og unngå uønskt turnover.

Dette kan du spørje om i sluttsamtalen

Sluttsamtalar kan gjennomførast som elektroniske undersøkingar eller strukturerte intervju. På den måten får du både statistikk og god bakgrunnsinformasjon.

Spørsmål du kan stille i eit sluttintervju kan vere:

  • Kva har vore bra, og kva kan vi verte betre på?
  • Korleis opplever du arbeidsmiljøet?
  • Kva moglegheiter har du hatt for å utvikle kompetansen din?
  • Korleis har moglegheitene dine for karriereutvikling vore?
  • Kva er den viktigaste årsaka til at du sluttar?

Brukast til profilering og utvikling av organisasjonen

Informasjonen du får frå sluttsamtalane kan du bruke til å profilere verksemda og i rekruttering. Vidare vil tilbakemeldingane frå dei som sluttar, gi deg oversikt over områder der det er rom for forbetring. Slik kan du lage meir treffsikre og relevante tiltak som kan utvikle organisasjonen.

Gode medarbeidarsamtalar, god leiing, at dei tilsette får høve til å bruke evna og ferdigheiter, relevante kompetansetiltak og karriereplanar er andre viktige element i arbeidet med å unngå uønska turnover.

Alumni 

Medarbeidarar som har slutta i verksemda kan vere verdifulle ambassadørar.

Alumni er eit omgrep som vert om tidlegare tilsette som møter kvarandre i eit etablert nettverk. Nettverket vert i hovedsak styrt av tidlegare arbeidsgjevar.

Å oppretthalde kontakten med tidlegare tilsette er nyttig og hyggeleg. Det kan også gi verdifull kompetanse tilbake til verksemda i form av re-rekruttering av medarbeidarar.

Oppdatert: 4. juli 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.