Kort fortalt: 6 tips til å jobbe med HR-data

HR sit på mykje data som er gull verdt for verksemda. Korleis kjem du i gang med arbeidet?

6 tips for å få nytte data betre i HR-kvardagen:

  1. Lag ei oversikt over alle data de  har. Aktuelle kjelder kan være medarbeiarundersøkingar, sjukefråværsoversikt, rekrutteringsdata osv. Tenk også over om eksterne datakjelder kan nyttast.
  2. Sjekk kvaliteten på data, og lag ein plan for kva slags data de vil ha betre grunnlag  på i 2023.
  3. Snakk med leiarane, kva slags analysegrunnlag vil gje dei betre grunnlag for avgjerder.
  4. Sjå på strategien og utfordringsbiletet til verksemda, og vurder kva slags HR-data som kan gje deg nyttig informasjon.
  5. Gjer ei vurdering av analysekompetansen i HR-avdelinga og legg ein kompetanseplan.
  6. Legg ein langsiktig plan for HR-data.

Høyr oss snakke om HR-analyse i podkasten til DFØ:

Vil du vite meir om det nye HR-systemet som DFØ skal tilby statlege kundar?

DFØ HR - felles system for staten (dfo.no)

Publisert: 27. januar 2021 Oppdatert: 12. april 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.