Sjå kva beredskap du skal ha som arbeidsgjevar om det skulle bli streik i staten.
Kven svarar deg som arbeidsgjevar på streikespørsmål?
Statens arbeidsgiverstøtte svarar ikkje på faglege spørsmål ved en streik.
Om du ikkje finn svar på det du lurar på denne sida, kontakt fagdepartementet ditt, som eventuelt kan ta spørsmålet vidare med Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Du finner mange avklaringar nedst på nettsida til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet ( DFD) om lønsoppgjeret 2025 under overskrifta streikeberedskap.
Viktige dokument i streikeberedskapen
DFD har lagt ut to viktige dokument du bør kjenne til:
Lag ein plan for eventuell streik i verksemda
Verksemda di bør lage ein plan for kva de skal gjere om det blir streik. Sjå meir om dette i kapittel 2.1 i Arbeidskonfliktar i staten. Her er nokre viktige punkt i planlegginga:
- Dere må lage en plan for verksemda
- Planen må bli forankra i verksemda med ein gong det kjem signal om eit mogleg brot og streik.
- Om det blir streik, må du ha eit godt samarbeid med dei hovudtillitsvalde om korleis leiinga kan ha ein ryddig dialog under streiken. Gå gjerne gjennom planen og ver tydeleg på korleis leiinga vil opptre under ein eventuell streik.
- Hugs god og sakleg informasjon til alle. Både tilsette som blir tekne ut i streik, og tilsette som ikkje blir tekne ut, vil trenge informasjon.
- Hugs å informere brukarane om at streik kan påverke tenestene til verksemda.
Når startar ein eventuell streik?
Plassfråtreding, eller streik, kan tidlegast skje 28. mai 2025 klokka 00.01. I praksis er dette frå klokka 06.00, 28. mai 2025.
Om meklinga går over tida, blir fristen for streik utvida.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil via fagdepartementa då varsle om det konkrete tidspunktet for ein eventuell streik.