Arbeidsgjevarrådet januar 2024

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 26. januar 2024. Sjå sakene på dagsordenen.

Desse sakene stod på dagsorden:

  • Arbeidstid. Rådet fekk ei orientering om reglane kring arbeidstid, mellom anna forholdet mellom arbeidsmiljøloven sine reglar og reglane i hovudtariffavtalen.
  • Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orienterte om aktuelle saker på det statlege arbeidsgjevarfeltet.
  • Møte mellom Arbeidsgjevarrådet og hovudsamanslutningane i staten. Leiarane for dei fire hovudsamanslutningane møtte rådet til ein open samtale om aktuelle tema. Møtet var ei oppfylging av tilsvarande møte i 2023.
  • Toppleiarkonferansen 2024. Rådet ga sine innspel til aktuelle tema for konferansen.
  • Grunnlag for god leiing i staten. Rådet ga sine innspel.
  • Arbeidsgjevarstrategien for staten 2024 – 2027. Rådet ga sine innspel.

Neste møte er planlagt til 15. mars 2024.

Oppdatert: 1. februar 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.