Når resultata ligg på bordet, startar den viktigaste jobben med å analysere data, slik at arbeidet kan skape endring og utvikling i verksemda. Start arbeidet med ein gong og legg til rette for ein god prosess.
Når undersøkinga er avslutta, må data analyserast og gjerast tilgjengelege i en førebels rapport.
De presenterer rapporten fyrst for toppleiargruppa, og så for resten av leiarane og arbeidsmiljøutvalet.
Et allmøte er godt eigna som tilbakemeldingsmøte for dei tilsette. For å vise at undersøkinga og det kommande arbeidet med å fylgje opp resultata vert prioritert, bør toppleiaren vere den som innleier på møtet. Toppleiar, HR eller arbeidsgruppa de har satt ned, presenterer så resultata på eit overordna nivå, og informerer om det videre arbeidet i avdelingane.
Start å følgje opp arbeidet med ein gong
Start med å følgje opp konkret i kvar einskild eining med ein gong. I ein større organisasjon vil det vere formålstenleg fyrst å presentere resultata på avdelingsnivå for deretter å jobbe med resultata på seksjonsnivå. I det konkrete oppfølgingsarbeidet er det leiaren av eininga som styrar prosessen. Som forarbeid må leiar og medarbeidarar setje seg inn i resultata frå undersøkinga.
Resultata gir dykk eit felles utgangspunkt. Vidare dialog mellom medarbeidarar og leiarar sikrar forståing. Det er denne oppfølginga som skaper resultat, ikkje sjølve målinga. I denne fasen skal de jobbe saman for å forstå resultata og diskutere utfordringar og moglegheiter og kome til eining om kva som er viktigast å arbeide vidare med framover.
Oppfølgingsarbeidet kan gjerne verte organisert som ein workshop, eller eitt eller fleire arbeidsmøte. Gode spørsmål å jobbe med kan vere:
- Kjenner vi oss igjen i resultata, eller er det noko som overraskar oss?
- Kva seier resultata om vår eining? Kva ynskjer vi å ta vare på og kor bør vi verte betre?
- Kva er orsaka til at resultata vert slik?
- Kva slags funn hengar saman?
- Kva er viktigast og kva er minst viktig å gjere noko med?
Resultata av dette arbeidet dokumenterast, og formidlast tilbake til HR. Den einskilde leiar har ansvar for at naudsynte tiltak vert sett i gang, i samarbeid med HR.
Resultata frå undersøkinga kan og føre til at toppleiinga og HR ser eit behov for å sette i gong tiltak på sentralt nivå.