IA-avtalen

Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv gjeld frå 2025 til 2028. Avtalen legg særskilt vekt på pliktene for alle aktørar, forsterka innsats på arbeidsplassen og ei vidareføring av bransjeprogramma frå forrige avtale.

Avtalen gjeld alle verksemder, anten dei er statlege eller ikkje. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er part i avtalen, og representerar arbeidsgjevarane i det statlege tariffområdet.

Satsingsområda i IA-avtalen

Den nye IA-avtalen legg opp til:

  • Meir arbeid med arbeidsmiljø for å forebygge sjukdom
  • Betre oppfølging av sjukefråvær og meir vekt på pliktane alle partane har
  • Forsterka innsats på den einskilde arbeidsplass
  • Innhenting av meir kunnskap om sjukefråvær og tiltak som kan hindre at så mange fell ut av arbeidslivet

Utvida eigenmelding

Utvida eigenmelding vert ikkje omtala i den nye avtalen, men Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har tidlegare sagt at dei tilrår statlege verksemder å videreføre dei har i dag, om ikkje arbeidsgjevar etter drøfting med dei tillisvalde, ser eit behov for andre løysingar.

Partsamarbeid om IA-avtalen i staten

Partane i staten (Akademikerne, LO Stat, Unio, og YS Stat, samt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) ) reetablerte i 2019 ei IA-gruppe.

Gruppa møtast jamleg for å drøfte statleg oppfølging av IA-avtalen. Målet er å skape felles forståing for kva område innanfor IA-arbeidet som treng ekstra merksemd.

Den viktigaste aktiviteten til gruppa er å arrangere frukostseminar 3-4 gonger i året med tema som er relevante for IA-arbeidet i staten. Opptak og foilar frå gjennomførte seminar finn du på:

Ei oversikt over relevante rapportar, nettsider mv. - som kan vere nyttig for verksemda sitt IA-arbeid - ligg på Statens arbeidsgjiverportal:

Oppdatert: 1. august 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.