Statens arbeidsgiverstøtte får ein del spørsmål kring regelverket for ferie. Her har vi samla spørsmål som går nærare inn på kva regelverket seier.
Spørsmål og svar på denne sida er eit tillegg til informasjonen som du finn på fagsidene, og er difor ikkje uttømmande.
Ferie i staten følgjer både ferielova og særavtalen om ferie for statstilsette:
Oppteningsår og ferieår
Må arbeidstakar ta ferie?
Arbeidstakar har både rett og ei plikt til å ta full ferie.
Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakar tek full ferie. Det gjeld også når personen skiftar arbeidsgivar.
Arbeidstakar er likevel ikkje nøydd til å ta ferie utan løn viss feriepengane hos noverande eller tidlegare arbeidsgivar ikkje er nok til å dekke bortfallet av løn under ferien.
Om verksemda stopper drifta heilt eller delvis i samband med ferie, kan arbeidsgivar likevel krevje at arbeidstakar tar ferie.
Kan ferie overførast til neste år?
Både arbeidsgivar og arbeidstakar må følgje ferielova, og begge har ansvar for at ferie blir teken i ferieåret.
De kan avtale å overføre 14 feriedagar (både feriedagar etter ferielova og dei tariffesta). Arbeidsgivar kan ikkje stryke feriedagar som ikkje er tekne. Alle feriedagar som ikkje blir brukte, både etter ferielova og dei tariffesta, skal overførast.
Som arbeidsgivar kan du ikkje betale ut ferie. Feriedagar til gode skal berre betalast ut når arbeidstakaren sluttar.
Kor mange feriedagar kan overførast frå eit ferieår til eit anna?
Det kan overførast inntil 14 feriedagar med løn som følgje av særavtalen.
Kan vi betale ut feriedagar til gode?
Som arbeidsgivar kan du ikkje betale ut ferie som ikkje blir teken. Feriedagar til gode skal berre betalast ut når arbeidstakaren sluttar
Kan vi pålegge arbeidstakar å ta ferie i oppseiingstida?
Dersom du som arbeidsgivar må seie opp ein arbeidstakar, kan du ikkje leggje ferien til oppseiingstida utan samtykke frå arbeidstakaren.
Unntaket er viss oppseiingstida er på tre månadUnntaket er dersom oppseiingstida er tre månader eller lengre. Då kan du som arbeidsgivar krevje at ferien blir teken i oppseiingstida, innanfor rammene av ferielova.
Dersom arbeidstakaren sjølv seier opp stillinga, påverkar det ikkje allereie avtalt ferie. Du kan som hovudregel heller ikkje endre ferie som allereie er avtalt på grunn av oppseiing, med mindre arbeidstakaren samtykkjer
Kan vi endre tida for ferieperiode?
Du kan endre oppsett ferietid for ein arbeidstakar, men ei slik endring kan berre gjerast når uføresette hendingar skaper vesentlege driftsproblem, og det ikkje kan skaffast stadfortredar.
Som arbeidsgivar må du drøfte endringa med arbeidstakaren på førehand. Arbeidstakar kan ha med seg ein tillitsvalt under drøftinga. Som arbeidsgivar har du plikt til å erstatte dokumenterte meirutgifter som arbeidstakaren får ved å flytte ferien sin.
Kva skjer med feriepengar når ein tilsett sluttar og startar i ei anna statleg verksemd?
Feriepengar og eventuell løn for feriedagar som arbeidtakaren ikkje har fått teke, skal bli betalt ut når personen sluttar.
Ferie og feriepengar i permisjonar
Skal feriepengar betalast når ein medarbeidar har permisjon utan løn frå hovudarbeidsgivar for å arbeide i ei anna statleg verksemd?
Når ein medarbeidar er i permisjon, blir feriepengar utbetalte i juni frå hovudarbeidsgivar. Feriepengane skal ikkje førast over til den andre statlege verksemda.
Korleis avviklar ein arbeidstakar opptente feriedagar medan han eller ho har permisjon utan løn for å arbeide i ei anna statleg verksemd?
Du bør informere abeidstakaren at han må avtale ferie både hjå hovudarbeidsgivar og biarbeidsgivar. Hovudarbeidsgivar teller feriedagar og betaler feriepengar i juni. Biarbeidsgivar avtaler kva dagar og trekker i løn for uttak av ferie.
Ferie og turnus
Skal turnusfridagar i ferieperioden reknast som ferie?
Lov om ferie, kapittel II, «feriefritida» seier dette: «verkedagar i ferien som etter arbeidstidsordninga likevel ville ha vorte fridagar for arbeidstakar, reknast som feriefritid. Dagane går til frådrag etter fyrste punktum, samt nummer 2 og 3.
Døme: Ein person går i tre vekers turnussyklus, med to veker på arbeid og ei veke fri. Når denne personen startar sin tre vekers ferie på punktet med de to vekene med jobb, skal den tredje veka, som er ei friveke, reknast som ferie.
Ferie og sjukdom
Kva skjer når ein arbeidstakar har avtalt å ta ferie når personen skal slutte, men så vert sjukemeld?
Arbeidstakar som blir heilt arbeidsufør før ferien, kan krevje at heile ferien blir utsett til seinare i ferieåret. Dette følgjer av ferielova § 9 nr. 1. Lova seier at kravet må «dokumenterast med legeerklæring, og det må leggjast fram seinast siste arbeidsdag før ferien».
Delvis sjukemelding gir ikkje grunnlag for å utsetje ferien.
Når arbeidstakaren sluttar, skal feriedagar som ikkje er brukte, betalast ut uavhengig av årsaka til at arbeidsforholdet tek slutt.
Kva skjer når ein arbeidstakar vert sjuk i sjølve ferien?
Ein arbeidstakar som vert sjuk i sjølve ferien, kan få utsett feriedagane om personen kan vise til sjukemelding for desse dagane. Det er ei føresetnad at personen er for sjuk til å ha ferie og at ein er sjukemeld 100 prosent.
Kravet må dokumenterast med sjukemelding. Arbeidsgivar må få sjukemeldinga så raskt som mogleg etter at arbeidstakaren er tilbake i arbeid.
Eigemelding gir ikkje rett til nye feriedagar.
Ferie og seniordagar
I dette avsnittet omtalar vi seniordager. Seniordagar er avtalefesta, mens feriedagar er lovfesta. Vi får mange spørsmål kring dette, og vel å ta det med her sjølv om seniordagar ikkje er ferie.
Har ein arbeidstakarar over 60 år ekstraferie?
Arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, skal ha ei veke ekstra ferie. Denne ferien disponerer arbeidstakaren sjølv, men han eller ho må varsle arbeidsgivar om ferien seinast to veker før.
Kva er senior tenestefri (seniordagar)?
Seniorarbeidarar får frå fylte 62 år åtte dagar ekstra fri med lønn. Verksemdene kan også avtale seks dagar til ut over dette.
Desse dagane er avtalafesta, mens feriedagar er lovfesta. Ein får ikkje egne feriepengar for seniordagar.
Seniordagar er heimla i HTA punkt 5.6.1 og er tenestefri med løn. Arbeidstakaren kan og ta tida ut som redusert arbeidstid etter nærare avtale med arbeidsgivar.
Kan seniordagar betales ut som lønn?
Arbeidsgivar kan ikkje betale ut seniordagar som arbeidstakar ikkje tek, som løn.
Les om om ekstra fri for seniorar over 62 år i Statens personalhåndbok.
Kan ein arbeidstakar forlenge ferien sin ved å nytte seniordagar?
Ja, ein arbeidstakare kan forlenge ferien sin ved å nytte seniordagar når dette blir avtalt med arbeidsgivar.
Kan arbeidsgivar krevje at arbeidstakar tek ut all ferie før personen tek seniordagar?
Dette skal avtalast med den einskilde og ut frå arbeidssituasjonen. Som arbeidsgivar har du drøftingsplikt når det gjeld fastsetjing av ferietida og oppsett av ferielister, anten med den einskilde arbeidstakar eller tillitsvalde. Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakar avviklar full ferie.
Særavtale om ferie for statstilsette seier at inntil 14 feriedagar kan overførast til neste år, mens seniordagane ikkje kan overførast. Dette må de ta omsyn til når de avtaler uttak av ferie og seniordagar.
Kan unytta seniordagar overførast frå eitt år til eit anna?
Nei, seniortenestefridagar er ikkje det same som feriedagar, og dei kan difor ikkje overførast.