I staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan lønn. Er du over 60 år, har du fem dagar ekstra. Feriepengar tener du opp i året før du avviklar ferie.
Oppteningsår og ferieår
Ferieåret følger kalenderåret. Oppteningsåret for feriepengar og tal på feriedagar er føregåande kalenderår. I staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan løn. Dei over 60 år har fem dager ekstra ferie.
Leiar må passe på at medarbeidarar får teke ut ferie
Som statleg arbeidsgivar skal du sørgje for at arbeidstakar får 25 virkedagar (fem veker) ferie kvart ferieår. Dei over 60, skal ha ei ekstra veke ferie utover dette. Arbeidstakaren kan krevje å få avvikle tre veker ferie samanhengende innanfor perioden 1. juni - 30. september.
Som leiar må du passe på å leggje til rette for at medarbeidarane dine får teke ut ferie. Du skal i god tid før ferien, i praksis to månader, drøfte når medarbeidaren skal få ta ut ferie.
Tips til smidig ferieplanlegging for leiarar
- Ta opp planlegging av ferie heilt i starten av året. Sørg for at medarbeidarane kjenner policyen til verksemda for ferieavvikling. Balanser dei tenestelege behova opp mot behova medarbeidarane har for å ta ut ferie når det passar for dei.
- Følg opp avspaseringssaldo og ferie gjennom året.
- Pass på at alle medarbeidarane får moglegheit til å kome med sine ferieønske. Det beste er om alle får ta ut ferie når dei ønskjer. Dei fleste føler ansvar for drift og er villige til å strekkje seg for å få det til å gå rundt.
- Etter hovudferieperioden er det på tide med ein ny sjekk av både ferie og avspaseringssaldo. Sørg for at medarbeidarane planlegg avvikling av restferie.
- Det er mogleg å overføre både plusstid og ferie frå eit år til eit anna. Som leiar er det lurt å tenkje på korleis planane for neste år ser ut. Ser du at det vert eit travelt år, kan det vere dumt å tillate slik overføring. Sørg for å skape forståing for kvifor du eventuelt seier nei.
- Du må gå gjennom dei oppsette ferielistene med den einskilde medarbeidar eller med tillitsvalt for denne.
I staten skil vi mellom ferie med løn og ferie utan løn
Summen av ferie, med og utan lønn, er
- 25 feriedagar viss du er under 60 år.
- 30 feriedagar frå det året du fyller 60 år
Alle har rett til å ta ut ferie i kalenderåret. Om ein arbeidstakar berre har rett på ferie utan løn, kan personen velje om hen vil ta ut ferie.
Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakaren tar ut ferie. Du kan ikkje utbetale feriepengar for ferie som ikkje er avvikla i ferieåret.
Slik vert feriepengane rekna ut
Hugs at feriepengane vert opptente i året før ferien skal avviklast, og at ferieåret følgjer kalenderåret.
Feriepengar vert rekna ut av all arbeidsinntekt som er utbetalt i oppteningsåret (året før rekna frå 1.januar).
- Har arbeidstakar vore tilsett berre delar av kalenderåret, vert feriepengegrunnlaget redusert tilsvarande.
- Bonus og provisjonsbasert lønn skal vere med i utrekninga av feriepengar.
- Reiseutgifter er ikkje ein del av feriepengegrunnlaget.
Feriepengar vert ubetalt i juni
Feriepengar som er opptent hos arbeidsgivar i det føregåande kalenderåret, utbetalast i juni i ferieåret, etter ein eingongsberekning. Feriepengane er 12 prosent av all løn i oppteningsåret.
For tilsette som er over 60 år, eller som fyller 60 år i ferieåret, vert det berekna 2,3 prosent i tillegg for å dekke utgiftene til den siste ferieveka.
Feriepengar som nytilsett
Feriepengane byggjer på inntektene arbeidstakaren hadde i fjoråret (oppteningsåret).
Om den nye arbeidstakaren har hatt inntekt i oppteningsåret, vil førre arbeidsgivar betale ut feriepengane og arbeidstakaren tar ferie utan løn hos ny arbeidsgivar. Om den nye arbeidstakaren ikkje hadde inntekt, vil personen ikkje få feriepengar.
Feriepengar når ein tilsett sluttar i jobben
Når ein tilsett skiftar arbeidsgivar i staten, skal feriepengane utbetalast.
Dere kan avtale individuelt om feriepengane skal utbetalast i det året ferien vert avvikla.