Rapport: Har kartlagt korleis statlege verksemder jobbar med likelønsrapportering

Oslo Economics har undersøkt korleis 10 statlege verksemder har arbeidd med rapportering om likeløn i årsrapportane for 2021. Rapporten gjer gode anbefalingar for korleis verksemder kan ta arbeidet vidare.

Rapporten om statlege verksemders rapportering om likeløn, er laga på oppdrag frå  Kommunal- og distriktsdepartementet og partane i staten. Rapporten blei lagt fram på partanes frukostseminar om likelønnskartlegging i staten 26. august.

Sjå opptak frå seminaret:

Meir bevisstheit om likestilling og likeløn

Rapporten viser at arbeidet med kartlegginga har ført til meir bevisstheit om likestilling og likeløn i verksemdene.

Anbefalingar om god kartlegging av likeløn

Oslo Economics (OE) har følgt ti statlege verksemder i arbeidet med å gjennomføre ei likelønskartlegging. Dei har observert og analysert korleis arbeidet er gjennomført og har vore diskusjonspartnar for verksemdene undervegs. Rapporten gir verksemdene anbefalingar for korleis dei bør arbeide for å kartlegge likeløn på ei god måte.

Publisert: 7. september 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.