Frå 1. juli blir det opna for at statlege arbeidsgjevarar kan tilsette personar med lønstilskot i inntil to år utan at stillinga er lyst ut.
Unntaket frå utlysingskravet gjeld ved mellombels tilsetting med lønstilskot i inntil to år, der det blir tilsett personar med nedsett funksjonsevne eller som har stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring.
Unntaket er fastsett i forskrifta til statstilsettelova. Regjeringa ønskjer med dette at statlege verksemder får hjelp i mangfaldsarbeidet fordi ein har sett at personar som fell inn under ordninga med lønstilskot ofte kan ha problem med å nå opp når stillingar er lyst ut og kvalifikasjonsprinsippet gjeld. Med denne endringa blir det opna for at desse søkjarane kan få den erfaringa som skal til for å kunne konkurrere seg inn i stillingar seinare.
NAV vurderer om kandidatar oppfyller krava
Verksemdene må sjølv vurdere kvalifikasjonane for stillingar dei vel å fylle gjennom ordninga, men NAV må vurdere om personar fyller krava for å få lønstilskot. Ta kontakt med det lokale NAV-kontoret ditt om du ønsker å nytte ordninga.
Må lyse ut om stillinga skal gjerast fast
Det vert ikkje opna for at personar på ordninga kan få fast tilsetting utan at stillinga lysast ut etter at dei to åra har gått.
Meir om den nye ordninga: