Forsvaret er den beste lærebedrifta i staten

Forsvaret jobbar godt med lærlingar og aukar talet på lærlingar kvart år. Det har gitt dei prisen for beste statlege lærebedrift i 2021.

Forsvaret er med sine rundt 658 lærlingar er dei ein av dei største lærebedriftene i landet. Nyleg blei dei dei kåra til den beste statlege lærebedrifta for 2021. 

Difor er Forsvaret beste lærebedrit 

Forsvaret får prisen både fordi dei stadig aukar talet på læreplassar, og fordi de gjer eit stort arbeid med å gjere læreplassar kjente både i og utanfor verksemda. 

Om lag 40 prosent av lærlingane i Forsvaret får tilbod om tilsetting etter at læretida er slutt. Forsvaret har og samarbeidd med Vestland fylke om å ta inn lærlingar som av ulike orsakar har falt utanfor det ordinære systemet. Blant anna har dei teke inn sivile lærlingar med hol i CV og nedsett funksjonsevne. 

I lenka kan du lese meir om arbeidet Forsvaret gjer og prisen for beste statlege lærebedrift. 

Ny fellesføring om lærlingar  

I desse dagar søkjer mange statlege verksemder etter nye lærlingar med oppstart hausten 2022. 

I fellesføringa for 2022 er det eit krav til at statlege verksemder med fleire enn 75 tilsette skal ta inn lærling. Større verksemder bør ha ambisjonar om å ta inn fleire. 

Få hjelp til å rekruttere lærling

Skal verksemda di ta inn lærlingar? Då kan de få råd til korleis gå fram og støtte via OK stat – opplæringskontoret for statlege verksemder som ligg i DFØ: 

Publisert: 10. februar 2022 Oppdatert: 2. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.