Kva er traineeprogrammet?

Traineeprogrammet i staten er eit rekrutteringsprogram som er oppretta for å utvikle mangfald det inkluderande perspektivet i personalarbeidet i staten. Programmet skal gi personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en relevant arbeidserfaring.

Staten som arbeidsgjevar ynskjer å nytte den kompetansen og arbeidskrafta som personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en har. Som arbeidsgjevar er det ein del av samfunnsoppdraget å jobbe for at arbeidsplassen skal vere ein mangfaldig og inkluderande plass. Traineeprogrammet i staten er eit av fleire verkemiddel i dette arbeidet som verksemdene kan ta i bruk. 

Verksemdene som ynskjer å tilsette i programmet lyser ut ordinære, midlertidige stillingar eksklusivt til personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, samt høgare utdanning.

Stillingane i programmet

Stillingane i traineeprogrammet kan vare i to år, med høve til forlenging i inntil eit år. Etter gjennomført program kan stillinga gjerast om til fast stilling, utan at ho må lysast ut på nytt.

Det er berre personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en som kan søkje på stillingane.

For meir om definisjoner og anna spørsmål, gå til:

Finne dei rette søkjarane

Mange statlege arbeidsgjevarar fortel at dei ikkje får søkjarar som kryssar av for at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.

For å bli vurdert som kandidat til stillingar gjennom traineeprogrammet, må personar krysse av eller verifisere på anna vis at dei er personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. 

Forsking viser at arbeidsgjevarar som har eit velfungerande mangfald på arbeidsplassen ofte skapar eit betre klima for å samarbeide om effektive og innovative løysingar. I ei tid med stadig meir komplekse problemstillingar i arbeidslivet, er mangfald ein fordel. Programmet kan dermed gje verksemdene starthjelp for å koma i gang med å utvikle eit større mangfald på arbeidsplassen.

Støttemateriale til verksemdene 

Ved å delta i programmet får statlege verksemder hjelp og støtte til å gjennomføre traineeperioden.  

DFØ har utvikla e-læringskurs til den tilsette og til mentor for den tilsette.  

Til den tilsette:  

Den tilsette i traineeprogrammet skal ha gjennomført opplæringa i løpet av tilsettingsperioden.

Til mentor:  

Ein tilsett som får mentorrolla overfor den tilsette i traineeprogrammet kan ta e-læringskurset for å bli trygg i rolla og for å kunne gje råd og rettleiing i samtaler med den tilsette.

Til leiar:

Gå til våre fagsider:

Har du spørsmål?

Lurer du på noe knyttet til lov- og avtaleverk, ta kontakt med Statens arbeidsgiverstøtte. Ønsker du melde inn en traineestilling, eller har spørsmål knyttet til rekrutteringspraksis, ta kontakt med Traineeprogrammet i staten.

Oppdatert: 21. desember 2023

Kontakt

Traineeprogrammet i staten

traineeprogrammet [at] dfo.no (traineeprogrammet[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.