Kva gjer eg som leiar når eg får vite om seksuell trakassering i verksemda? Under har vi samla ofte stilte spørsmål om seksuell trakassering og kva du som arbeidsgivar må vite om.
#metoo-kampanjen har sett fokus på at også arbeidsgivarar i staten må forebygge seksuell trakassering ved å sette regler for kva slags åtferd som ikkje er akseptabel på arbeidsplassen.
Den nye likestillings- og diskrimineringslova har skjerpa plikta arbeidsgivarar har for å forebygge og hindre seksuell trakassering. Og det er viktig at du har rutinar for korleis du skal handtere eventuelle varslingsakar.
Det er Arbeidstilsynet som gir arbeidsgivarar i varslingssaker. De har laga eigne sider.
Likestilling- og diskrimineringsombodet gir gratis rettleiing til arbeidsgivarar som ønskjer å vite meir om korleis dei kan unngå diskriminering i verksemda si.
Kjenn lovene som gjeld trakassering
Som arbeidsgivar må du kjenne til arbeidsmiljølova, likestilling- og diskrimineringslova og skadeerstatningslova som alle kan vere aktuelle inn i ei sak om seksuell trakassering. Du skal likevel ikkje vere den som fordelar skuld i slike saker. Som arbeidsgivar skal du på profesjonelt vis handtere varslar om trakassering som skjer i samanheng med arbeid.
Som arbeidsgivar er du tent med å skape klåre forventningar til kva som er rett oppførsel på arbeidsplassen. På den måte forebygger du enklare trakassering.
Kva er seksuell trakassering?
Seksuell trakassering er ei kvar form for ikkje ønskja seksuell merksemd. Merksemda kan vere fysisk, verbal eller ikkje-verbal. Døme er blikk, ryktespreiing, eksplisitte spørsmål og seksuelle spøkar som vert gjentekne.
Formålet med den seksuelle merksemda eller verknaden av den vert oppfatta som skremmande, nedverdigande, krenkande, audmjukande og som ei plage.
Det skal leggjast til grunn at kvinner og menn kan oppfatte seksuell trakassering ulikt. Ho eller han som vert trakassert skal heller ikkje måtte overtyde om at trakasseringa har funne stad.
Normalt skal personen som har vist uønska merksemd få beskjed om det. Dette kravet kan falle bort om den seksuelle trakasseringa vert oppfatta som særskilt grov, til dømes forsøk på valdtekt.
Grenser for kva som er innanfor og utanfor vil variere frå person til person. Relasjonen mellom personane som vert involverte spelar også inn.
Forbodet mot seksuell trakassering er likevel absolutt
Kven er ansvarleg for å følgje opp?
Det er arbeidsgivar som er ansvarleg for å følgje opp. Kven som konkret skal følgje opp, vil stå i dei lokale varslingsrutinane til verksemda.
Arbeidsgivar har ei eksplisitt plikt til å forebygge og hindre seksuell trakassering, ifølgje likestillings- og diskrimineringslova § 13.
Arbeidsmiljølova kapittel 4 seier at arbeidsgivar både har eit ansvar og ei plikt til å sørgje for at arbeidsmiljøet, både samla og enkeltvis, er forsvarleg. Her ligg også ansvaret for at arbeidstakaren si fysiske og psykiske helse og velferd vert ivaretatt. Trakassering eller anna utilbørleg oppførsel er ikkje tillate.
Knytt til HMS-arbeidet til verksemda, bør du som arbeidsgivar gjere klart korleis verksemda forventar at dei tilsette ter seg på arbeidsplassen. Reglene kan gjerne verte kommunisert i form av ein forventingsplakat. Ein slik plakat kan innehalde reglar for høveleg åtferd i arbeidstida, og på samlingar og seminar der du deltek med kollegaer.
Om du som arbeidsgivar er tydeleg på kva som vert forventa av medarbeidarar, vil det også verte enklare å følgje opp sakar som kan handla om trakassering.
Når skal du som arbeidsgivar utgreie påstandar om seksuell trakassering?
Når du som arbeidsgivar får vite at personar vert utsett for seksuell trakassering, skal du reagere. Som arbeidsgivar pliktar du å ha rutinar for intern varsling. Arbeidsgivar har følgt si plikt for eit forsvarleg arbeidsmiljø når arbeidstakarane er gjort kjent med kva som er akseptabel oppførsel og ikkje, som til dømes gjennom ein forventningsplakat.
Arbeidsmiljølova gir arbeidstakar rett til å varsle om kritikkverdige tilhøve i verksemda (arbeidsmiljølova § 2A).
Retningslinjer for intern varsling skal vere skriftlege og innehalde:
- Oppmoding om å varsle om kritikkverdige tilhøve
- Mal for korleis ein går fram for å varsle
- Mal for korleis arbeidsgivar tek imot, handsamar og følgjer opp varslinga.
- Som arbeidsgivar bør du be personen som varslar å gjere dette i tråd med verksemda sine rutinar for varsling.
Kva om du får kjennskap til at seksuell trakasseringa finn stad mellom to kollegaer utanfor arbeidstida?
Arbeidsgivar har berre ansvar for trakassering som finn stad til tilknyting til arbeid. Om ein medarbeidar fortel deg at han eller jo kjenner seg trakassert av ein kollega utanfor arbeidsplassen, og at det har utvikla seg til eit problem på arbeid, er det ei sak for arbeidsgivar. Det kan vere lurt, til dømes i forventningsplakaten, å ha informasjon om korleis tilsette skal te seg i møte med andre kollegaer. Ein kan til dømes skrive at forventningsplakaten «også gjeld i hyggeleg lag med kollegaer». I same plakat kan det i tillegg stå korleis arbeidsgivar vil handtere saker når medarbeidarar ikkje følger retningslinene.
Kva gjer du når du vert varsla om seksuell trakassering av andre enn dei som vert trakasserte?
Du kan be han eller ho som har fått informasjonen om å be den det gjeld om å gjere dette, til dømes anonymt.
Kor langt strekk ansvaret ditt seg som arbeidsgivar?
Når du som arbeidsgivar har etablert rutinar for å varsle om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen, har du ivaretatt plikta om å forebygge. Plikta til å hindre trakassering, vert også tatt vare på når du handterer varslar gjennom verksemda sine lokale varslingsrutinar. Rutinane bør også seie noko om kva slags tiltak som vert iverksett for å få slutt på trakasseringa.
Kva skal du gjere når ord står imot ord?
Personen som kjenner seg trakassert, skal ikkje sitte med bevisbyrda. Som arbeidsgivar har du eit ansvar for å ivareta rettstryggeleiken til partane som er involverte, men som arbeidsgivar skal du ikkje vere part i saka.
Kva om det er ein leiar som har trakassert, gjeld same reglar for han eller ho?
Dei same reglane gjeld for leiarar som for andre tilsette.
Kva gjer du som arbeidsgivar om den seksuelle trakasseringa held fram?
Kva slags reaksjonar du som arbeidsgivar skal gi i ei sak om seksuell trakassering, kjem an på kva som har skjedd i den einskilde saka. Reaksjonane skal rette seg mot han eller ho som har trakassert ein kollega. Om korrigerande samtalar ikkje fører fram til ei løysing, og den seksuelle trakasseringa ikkje tek slutt, kan det bli snakk om andre tiltak, som til dømes omplassering. I siste hand fylgjer dette løpet til ei personalsak.
Arbeidstilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombodet har laga ein rettleiar med seks steg for korleis førebygge og hindre.
I videoen under kan du sjå og høyre Shorish Azari i Likestillings- og diskrimineringsombodet fortelle om dei seks tiltaka fra seminaret "Korleis jobbe med trakassering og mobbing på arbeidsplassen - oppfølging av statsansatteundersøkelsen 2018".