Korleis få fram det beste ved deg sjølv og andre? Mykje vert avgjort i startgropa. Ein positiv start påverkar vidare arbeid i prosessen.
Tre gode ting - til tre personar
For mange er det utfordrande å sette ord på eigne styrkar. I denne øvinga trener vi på å gi og ta imot positive tilbakemeldingar. Ved å sjå på kva som har vore bra og kva som skjer når vi er på vårt beste, skapar vi ei felles kultur i gruppa som kan ha innverknad både på prosess og resultat.
Korleis: Kvar deltakar skal fortelje om tre gode ting til tre ulike personar.
Kvar deltakar skal fortelje om tre gode ting til tre ulike personar. Tre gode ting kan vere noko deltakaren sjølv er stolt av, noko som har skjedd eller noko personen har oppnådd. Det kan og vere ei styrke som deltakaren har oppdaga at han eller ho har i arbeidet som er gjort.
Be deltakarane bruke golvet og røre seg rundt når dei snakkar med kvarandre om sine tre gode ting. Kvar deltakar skal fortelje sine gode ting til minst tre ulike personar før øvinga er slutt. I avsluttinga kan du runde av med ei samtale i plenum der deltakarane trekker fram 1-3 ting som dei meiner var det beste dei fekk høyre.
Beste sidan sist
Beste sidan sist handlar om det deltakarane meiner har gått bra eller som har fungert særskild godt sidan siste møtet. Ved å fortelje, hentar deltakarane fram positive kjensler og sørgjer for framdrift og motivasjon for den vidare prosessen.
Korleis: Øvinga kan anten gjerast i plenum eller i grupper der deltakarane deler historiene sine med kvarandre. Du, som leiar prosessen, spør eitt av følgande spørsmål:
Sidan sist:
- ...kva har gitt deg energi?
- ...kva er det beste som har hendt deg?
- ...kva har gjort deg stolt?
- ...kva har du opplevd som har gitt deg teikn på at vi er på rett veg?
La deltakarane få tid til å reflektere og skrive ned, før dei deler opplevingane sine og gode historier. Øvinga kan avsluttast med at deltakarane skriv opp punkt på ein flip-over eller ei tavle, om kva gruppa saman kan gjere for at det same skjer etter dette møtet.