Ferie

Som leiar må du passe på å legge til rette for at tilsette får tatt ut ferie. Du skal i god tid før ferien, i praksis to månader, drøfte når arbeidstakar skal få ta ut ferie.

Tips til smidig ferieplanlegging for leiarar

  • Ta opp planlegging av ferie heilt i starten av året. Sørg for at dei tilsette kjenner policyen til verksemda/tenesta for ferieavvikling. Balanser dei tenestelege behova opp mot tilsette sine behov for å ta ut ferie når det passar for dei.
  • Følg opp både avspaseringssaldo og ferie gjennom året.
  • Pass på at alle tilsette får moglegheit til å ønske når dei vil ta ut ferie. Det beste er om alle får ta ut når de ønsker. Dei fleste føler ansvar for drift og er villige til å strekke seg for å få det til å gå rundt.
  • Etter hovudferieperioden er slutt er det på tide med ein ny sjekk av både ferie og avspaseringssaldo. Sørg for at dei tilsette planlegg uttak av restferie.
  • Det er mogleg å overføre både plusstid og ferie frå eit år til eit anna. Som leiar er det lurt å tenke på korleis planane for neste år ser ut. Ser du at det vert eit travelt år, kan det vere dumt å tillate slik overføring. Sørg for å skape forståing for kvifor du eventuelt seier nei.
  • Du må gå gjennom dei oppsette ferielistene med den einskilde arbeidstakar eller med tillitsvalt for denne.

Oppteningsår og ferieår

I staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan lønn.

Ferieåret følger kalenderåret. Oppteningsåret for feriepengar og tal på feriedagar er føregåande kalenderår.

Statlege arbeidsgivarar skal sørge for at arbeidstakar får 25 virkedagar (fem veker) ferie kvart ferieår. Innanfor perioden 1. juni - 30. september kan arbeidstakaren krevje å få avvikle ein samanhengande ferieperiode på tre veker.

 

Oppdatert: 2. februar 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord