Ferie og feriepengar

I staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan lønn. Feriepengar vert opptent i året før ferien skal avviklast.

Oppteningsår og ferieår

Ferieåret følger kalenderåret. Oppteningsåret for feriepengar og tal på feriedagar er føregåande kalenderår. I staten har alle arbeidstakarar 25 dagar ferie med eller utan lønn.

Som leiar må du passe på å legge til rette for at tilsette får tatt ut ferie

Statlege arbeidsgivarar skal sørge for at arbeidstakar får 25 virkedagar (fem veker) ferie kvart ferieår. Innanfor perioden 1. juni - 30. september kan arbeidstakaren krevje å få avvikle ein samanhengande ferieperiode på tre veker. 

Som leiar må du passe på å legge til rette for at tilsette får tatt ut ferie. Du skal i god tid før ferien, i praksis to månader, drøfte når arbeidstakar skal få ta ut ferie.

Tips til smidig ferieplanlegging for leiarar
  • Ta opp planlegging av ferie heilt i starten av året. Sørg for at dei tilsette kjenner policyen til verksemda/tenesta for ferieavvikling. Balanser dei tenestelege behova opp mot tilsette sine behov for å ta ut ferie når det passar for dei.
  • Følg opp både avspaseringssaldo og ferie gjennom året.
  • Pass på at alle tilsette får moglegheit til å ønske når dei vil ta ut ferie. Det beste er om alle får ta ut når de ønsker. Dei fleste føler ansvar for drift og er villige til å strekke seg for å få det til å gå rundt.
  • Etter hovudferieperioden er slutt er det på tide med ein ny sjekk av både ferie og avspaseringssaldo. Sørg for at dei tilsette planlegg uttak av restferie.
  • Det er mogleg å overføre både plusstid og ferie frå eit år til eit anna. Som leiar er det lurt å tenke på korleis planane for neste år ser ut. Ser du at det vert eit travelt år, kan det vere dumt å tillate slik overføring. Sørg for å skape forståing for kvifor du eventuelt seier nei.
  • Du må gå gjennom dei oppsette ferielistene med den einskilde arbeidstakar eller med tillitsvalt for denne.

I staten skil vi mellom ferie med løn og ferie utan løn.

Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakaren tar ut ferie. Du kan ikkje utbetale feriepengar for ferie som ikkje er avvikla i ferieåret.

Alle har rett til å ta ut ferie i kalenderåret. Men arbeidstakar kan velje om han eller ho vil ta ut ferie om personen berre har rett på ferie utan løn. 

Kor mange feriedagar med løn ein tilsett kan ta ut, er avhengig av kor mykje feriepengar som vart opptent kalenderåret før.

Summen av ferie, med og utan lønn, er 25 feriedagar viss du er under 60 år. Frå det året du fyller 60 år, har du rett til 30 feriedagar.

Alle kan overføre inntil 14 feriedagar til neste år om arbeidsgivar og arbeidstakar er samde. Dette skal avtalast skriftleg mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

Slik vert feriepengane rekna ut

Feriepengar vert rekna ut av all arbeidsinntekt som er utbetalt i oppteningsåret (året før rekna frå 1.januar).

Har arbeidstakar vore tilsett berre delar av kalenderåret, vert feriepengegrunnlaget redusert tilsvarande.

Bonus og provisjonsbasert lønn skal vere med i utrekninga av feriepengar. Reiseutgifter er ikkje ein del av feriepengegrunnlaget.

Feriepengar vert ubetalt i juni

Feriepengar som er opptent hos arbeidsgivar i det føregåande kalenderåret, utbetalast i juni i ferieåret, etter ein eingongsberekning. Feriepengane er 12 prosent av all løn i oppteningsåret.

For tilsette som er over 60 år eller som fyller 60 år i ferieåret, vert det berekna 2,3 prosent i tillegg for å dekke utgiftene til den siste ferieveka.

Feriepengar som nytilsett

Feriepengane byggjer på inntektene arbeidstakaren hadde i fjoråret (oppteningsåret).

Om den nye arbeidstakaren har hatt inntekt i oppteningsåret, vil førre arbeidsgivar betale ut feriepengane og arbeidstakaren tar ferie utan løn hos ny arbeidsgivar. Om den nye arbeidstakaren ikkje hadde inntekt, vil personen ikkje få feriepengar.

Feriepengar når ein tilsett sluttar i jobben

Når ein tilsett skiftar arbeidsgivar i staten, skal feriepengane utbetalast.

Det kan verte inngått individuell avtale om at feriepengane skal utbetalast i det året ferien vert avvikla.

Tidlegare praksis om at feriedagar og feriepengar vert overførte til ny statleg arbeidsgivar gjeld ikkje lenger frå 31. desember 2017. 

Oppdatert: 24. oktober 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord