Intern opplæringsplan for faget innhaldsproduksjon

Alle lærlingar blir følgde opp i verksemda gjennom ein intern opplæringsplan. OK stat har laga eit eksempel for Innhaldsproduksjonsfaget som de kan sjå til når de skal lage ein eigen plan.

OK stat har laga eit eksempel på ein intern plan for å gjere planlegginga av lærlingar enklare.  Som regel er det fagleg leiar som følgjer opp og forvaltar den interne opplæringsplanen til lærlingen, men det er vanleg at fagleg leiar får innspel frå andre om oppgåver ein slik plan kan innehalde. 

Eksempelet på intern plan frå OK stat inneheld mange arbeidsoppgåver. Meininga er at du skal plukke oppgåver som passar verksemda. Du skal altså 

  • fjerne oppgåver som ikkje er relevante 
  • leggje til oppgåver de kan tilby som ikkje står i OK stat sin plan 

Førebuing til arbeidet med intern opplæringsplan 

Under har vi lista opp nokre spørsmål og svar som er gode å ta med seg vidare i arbeidet med å lage ein intern opplæringsplan.  Her finn du òg forslag til tverrfaglege oppgåver i faget som kan vere ein del av den interne opplæringsplanen.

Kvifor ein intern opplæringsplan?

Ein intern opplæringsplan skal sørge for at du som  fagleg leiar får ei god oversikt over kva lærlingen skal lære og gjere, og kven som har ansvaret for å gje opplæringa.  

Dei fleste lærlingar skal gjennom fleire oppgåver, og fagleg leiar skal ikkje gjere alt aleine. Planen hjelper til med systematisk og føreseieleg opplæring både for deg og lærlingen din. Planen skal vise samanheng mellom kompetansemåla i læreplanen og dei faktiske arbeidsoppgåvene lærlingen skal gjere i løpet av læretida slik at lærlingen kan følgje si eiga utvikling og progresjon.  

Kva skal planen innehalde?

Planen skal minimum innehalde

  • kompetansemål 
  • abeidsoppgåver eller kurs lærlingen kan ta som høyrer til kvart enkelt kompetansemål 
  • tidsperioden lærlingen skal få opplæring 
  • ansvarsfordeling for opplæringa
Korleis bruke eksemplet på intern læreplan frå OK stat?

Planen til OK stat inneheld berre kompetansemål og forslag til opne arbeidsoppgåver. For å sørge for at den interne planen er best mogleg tilrettelagt for verksemda, må du som fagleg leiar konkretisere oppgåvene enda meir. Til dømes kan de spesifisere namnet på eit prosjekt, ein arbeidsmetode, eit program eller verktøy de brukar i verksemda 

I OK stat sin plan kan det til dømes stå «Lage og analysere spørjeundersøkingar». Her kan du spesifikt skrive i din plan at «lærlingen skal lage ein spørjeundersøking i Forms»..  

Kva gjer eg når planen er ferdig?

Når planen er ferdig, skal han bli sendt til okstat@dfo.no saman med CV-en til den som skal vere fagleg leiar. Det er fagleg leiar som skal ha ansvar for opplæringa.  

OK stat hjelper dykk med å bli godkjent lærebedrift. 

Meir om å ta inn og følgje opp ein lærling 

Tverrfaglege tema i innhaldsproduksjonsfaget.docx
docx 16.02 KB

Eksempel på læreplan for innhaldsproduksjonsfaget  

OK stat har laga eit eksempel på læreplan i innhaldsproduksjonsfaget, med mange arbeidsoppgåver knytt til kvart av kompetansemåla ein lærling skal gjennom i løpet av læretida.  

Her er det mange oppgåver å velje mellom, så vel dei som passar verksemda di best. 

Nokre av forslaga handlar om å forklare, reflektere over eller grunngi noko. Her må de som verksemd konkretisere korleis lærlingen skal gjere dette, som til dømes gjennom møte eller dokumentasjon av arbeidet sitt. Metoden vel de altså sjølv, gjerne saman med lærlingen når han eller ho har starta. 

Kompetansemål 1: Planleggje, gjennomføre og publisere ulike innhaldsproduksjonar

Under dette kompetansemålet kan du leggje til heile prosjekt lærlingen skal jobbe med. Forslag til arbeidsoppgåver i ein heil prosess er: 

  • Bruke kommunikasjonstrappa gjennom heile arbeidet  
  • Jobbe med og dokumentere reelle oppdrag i verksemda  
  • Jobbe opp mot måltal til verksemda ut frå mål, strategi og designmanual  
  • Delta i produksjonar fra A til Å  
  • Lage interaktive produkt og verkemiddel
Kompetansemål 2: Forstå behovet til oppdragsgivaren og kva bodskap som skal formidlast
  • Delta i oppstarts- og konseptmøte 
  • Avklare formål og ønska effekt av produktet, og grunngi og foreslå tiltak retta mot målgruppa 
  • Hente innsikt om målgruppa og velje rett kanal  
  • Grunngi val av bodskap og samanheng til målgruppa 
  • Setje seg inn i verksemda til oppdragsgivar og deira kunnskapsgrunnlag  
  • Lage eit bodskapsnotat
Kompetansemål 3: Gjere greie for metodar for å skaffe seg brukarinnsikt og nytte metodar for brukarinnsikt på aktuelle målgrupper

Forslag til oppgåver: 

  • Lage, analysere og visualisere spørjeundersøkingar  
  • Gjennomføre intervju og trekke ut informasjon til eit produkt 
  • Hente ut informasjon fra ulike tekster (nettsider, rapportar og liknande)  
  • Gjennomføre ei brukerreise    
Kompetansemål 4: Beskrive og bruke metodar for idéutvikling

Forslag til oppgåver:  

  • Halde workshops internt og eksternt  
  • Beskrive og bruke metodar for idéutvikling  
  • Leie møte i kreative prosessar  
  • Utføre målgruppeundersøkingar og trekke ut statistikk og informasjon
  • Tips til nettside: Verktøykasse for alle som leiar prosessar
Kompetansemål 5: Bruke ulike sjangrar og format for å formidle eit bodskap

Kva for sjanger og format lærlingen brukar kjem an på kva slags kanalar og målgrupper verksemda har, og kva målet med produktet er. Ha dette i minne når du les forslaga til oppgåver for dette kompetansemålet: 

  • Få erfaring med å skrive og utforme design til ein artikkel  
  • Skrive manus tilpassa målgruppa i ein produksjon 
  • Skrive og designe innlegg til sosiale media
  • Marknadsføre eller planleggje eit webinar 
  • Lage ulike formar for film, podkast eller kursmateriell til eksterne og interne brukarar 
  • Bidra på tvers i verksemda ved å lage og vedlikehalde instruksjonar og rettleiingar 
  • Velje sjanger, format og kanal som egnar seg til ulike målgrupper, og argumentere for val av kanal
Kompetansemål 6: Utvikle og leggje fram ein pitch for eit prosjekt

Forslag til oppgåver: 

  • Visualisere arbeidsprosessen med relevant program som verksemda brukar  
  • Lage skisser i vald program som verksemda brukar, og grunngi vala sine  
  • Øve på og gjennomføre ein pitch til interne og eksterne brukarar  
  • Bruke ulike metodar for å holde ein pitch, som til dømes eit storyboard 
Kompetansemål 7: Kartleggje ressursbehov og lage produksjonsplan og budsjett for eit prosjekt

Forslag til oppgåver: 

  • Forklare og grunngi korleis produktet kan bli brukt til fleirbruk og gjenbruk  
  • Planlegge budsjett for produktet og følgje styringslinja i godkjenninga av dette  
  • Vite kva ein handlingsplan inneheld, og bruke denne gjennom heile arbeidet  
  • Gjere regi for arbeidet med produktet
  • Delta på befaring av foto- eller filmlokasjon 
  • Delta og observere på ein filminnspeling
  • Koordinere eit eller fleire prosjekt  
  • Lage framdriftsplan for eiga arbeid og eventuelt prosjekt 
  • Tips! La lærlingar i verksemda samarbeide med andre lærlingar 
Kompetansemål 8: Gjennomføre opptak med foto, film eller lyd tilpassa rammevilkåra i eit prosjekt

Forslag til oppgåver:  

  • Forme og produsere podkast, nettsider og audiovisuelt innhald på sosiale media  
  • Gjennomføre streaming av til dømes eit arrangement eller webinar  
  • Lage video til sosiale media 
  • Lage kampanje til sosiale media  
  • Lage fysiske og digitale trykksaker  
  • Lage sak på intranett med film, video eller lyd  
  • Lage animasjonar og andre former for motion graphics
  • Lage sak på nettsida til verksemda i samarbeid med nettredaktør 

Fleire av oppgåvene i kompetansemål 5 kan òg bli gjennomført under dette målet.  

Kompetansemål 9: Velje og bruke verktøy, programvare og teknisk utstyr tilpassa eit prosjekt

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke Office-pakka  
  • Bruke Adobe-pakka 
  • Foreslå og bruke verktøy, programvare og teknisk utstyr til produksjon av animasjon, podkast, webinar, filmopptak, infografikk, e-læringskurs eller anna  
  • Bruke publiseringsverktøy i sosiale media 
  • Bruke verktøy for å redigere og lage innhald på nettside og intranett
Kompetansemål 10: Bruke komposisjon, lyssetjing og digitalt etterarbeid som verkemiddel for å framheve form, struktur, farge og bodskap i visuelle produksjonar

Forslag til oppgåver:  

  • Redigere, klippe og leggje til element i filmproduksjon, som til dømes animasjonar, bannarar, titlar og plakatar 
  • Bruke ulike designgrep og komposisjonsprinsipp for å framheve bodskap i ulike produksjonar i verksemda til ulike flatar 
  • Leggje til lyd i filmar tilpassa bodskapen til produktet og grunngi valet  
  • Tilpasse tid og overgangar i filmar i ulike kanalar for smidige overgangar
  • Ha ansvar for lyssetting og kameravinkel ved webinar og grunngi valet
Kompetansemål 11: Bruke programvare for etterarbeid og eksport av eit ferdig produkt og vurdere val av format og filtypar

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke programvare verksemda brukar i post-produksjon  
  • Teste, evaluere og foreslå bruk av ny programvare til verksemda 
  • Bruke og grunngi val av programvare for lagring og deling av produkt eksternt og internt  
  • Lage verkemiddel og produkt tilpassa ulike kanalar
Kompetansemål 12: Gjere greie for korleis personalisering og algoritmar styrer distribusjon av digitalt innhald

Forslag til arbeidsoppgåver:  

Kjenne til, planleggje, grunngi og bruke utvald alternativ for annonsemålretting i kanalane til verksemda

Kompetansemål 13: Planleggje ein marknadsførings- og publiseringsstrategi og vurdere val av plattform for publisering av eit ferdig produkt

Forslag til oppgåver: 

  • Forklare korleis produktet skal bli distribuert og kvifor med tanke på rammer gitt av verksemda og målgruppa  
  • Lage ein publiseringsplan, som òg inneheld noko om korleis marknadsføringa blir evaluert i etterkant
Kompetansemål 14: Bruke gjeldande regelverk, lovverk og retningslinjer for etikk, opphavsrett, produksjon, publisering og oppbevaring av medieprodukt i eige arbeid

Forslag til oppgåver: 

  • Kjenne til og bruke åndsverklova i arbeidet sitt  
  • Kjenne til GDPR og personvernlova og bruke dette i arbeidet sitt 
  • E-læringskurset Etikk for Walter  
  • Lage avtalar for produksjon med interne og eksterne  
  • Kjenne til publiseringsrutinar- og krav i verksemda
Kompetansemål 15: Reflektere over og evaluere resultat og erfaringar knytt til eiga bidrag i produksjonar

Forslag til oppgåver: 

  • Analysere og evaluere arbeidsprosessen og resultat. Foreslå forslag til forbetringar
Kompetansemål 16: Reflektere over og beskrive eiga rolle i team og i verksemda

Lærlingen får moglegheit til å ha ulike rollar i produksjonar i løpet av læretida, som prosjektleiar i ein mindre produksjon, og prosjektmedarbeidar i produksjonar andre gjer. 

  • Beskrive kven som tek avgjerder undervegs i ein produksjon, og vite kven som har kompetanse på eit område som lærlingen treng støtte til 
  • Ta initiativ til å invitere til dømes designarar, medieteknikarar med fleire produksjonar for eit tverrfagleg godt team  
  • Forstå og tydeleggjere ulik rollar i eit prosjekt, og dokumentere kven som gjer kva
Kompetansemål 17: Reflektere over og beskrive korleis ulike innhaldsproduksjonar kan påverke samfunnsdebatten og demokratiet

Forslag til oppgåver:  

  • Verksemda vel eit tema som blir diskutert i eit møte, som til dømes  fake news eller korleis sosiale media kan påverke haldningar både positivt og negativt
  • Beskrive mogleg påverkingskraft i eigne produksjonar i eit bodskapsnotat
Kompetansemål 18: Ferdigstille eit produkt for publisering i tråd med prinsipp for universell utforming

Forslag til oppgåver:  

  • Kvalitetssikre språk (språkvask)  
  • E-læring om universell utforming  
  • Kjenne til og bruke WCAG 2.1 i arbeidet sitt
Kompetansemål 19: Gjere greie for kva krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i læreverksemda

Forslag til oppgåver: 

  • Sette seg inn i interne rutinar, mål, strategiar og verdiar og vite kor informasjon om dette ligg  
  • Bli kjent med eigne rettar som lærling på okstat.no  
  • Bli kjent med inkluderande arbeidsliv (IA) og arbeid i verksemda for å fremme ein likeverdig arbeidsplass  
  • Bruke HMS-rutinane 
  • Delta i program for ombordstiging for nytilsette 
  • Notere kva hen trur at eit likeverdig og inkluderande yrkesfellskap betyr 
  • Dokumentere korleis eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap blir teke vare på på arbeidsplassen 
  • Reflektere og dokumentere kva plikter og rettar arbeidsgivaren har 
  • Reflektere og dokumentere kva rettar og plikter arbeidstakar har
Oppdatert: 30. mai 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.