Lærefaga til OK stat

Opplæringskontoret OK stat har ni lærefag, frå byggdriftar til mediedesignar og service- og administrasjon. På denne sida finn du ei oversikt over kva det vil seie for deg som arbeidsgivar å ha lærling i eitt eller fleire av desse faga.

Opplæringskontoret for statlige virksomheter gir støtte til verksemder som har lærlingar innanfor ni lærefag.

Under kan du lese ei kort omtale av kva faget inneheld, kor i verksemda ein lærling innan dette faget jobbar og kva slags oppgåver læringen får. Til kvart fag har vi gitt eit eksempel på intern plan for opplæring.

Kva støttar OK stat med? 

Service- og administrasjonsfaget

Dette handlar faget om

Service- og administrasjonsfaget handlar i korte trekk om korleis drift, styring og utvikling av ei verksemd fungerer. Det handlar òg om korleis ein kan utvikle og støtte verksemda i sitt arbeid med å nå måla sine, og korleis ein kan møte brukarane på best mogleg måte, både digitalt og fysisk.

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Lærlingar i faget skal få erfaring med og delta i oppgåver som å arkivere ulike typar saksdokument som kontraktar og avtalar, koordinere seminar for interne og eksterne, og behandle og koordinere dei ulike dokumenta i ein rekrutteringsprosess.  

Dei kan òg fordele e-post, gi leiarstøtte og ta imot brukarar i resepsjon, om de har ein. Prosessar kring medverking er sentralt i faget, så lærlingen kan delta på vernerundar og AMU-møte, og kjøpe inn rekvisita og attestere fakturaer. Med andre ord må dei òg få opplæring i systema som verksemda bruker.  

Lovverk og rutinar, som offentleglova, arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta, skal bli ivaretekne under arbeidet, og lærlingen skal få moglegheit til å foreslå korleis ein kan forbetre effektiviteten og kvaliteten i  prosessane som finst i verksemda.  

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Det er vanleg at lærlingar i service- og administrasjonsfaget er tilsett i ei avdeling i løpet av læretida, men at dei i periodar jobbar i ulike avdelingar for å få erfaring med ulike system og oppgåver. Dei vanlegaste avdelingane er HR-avdelinga, arkivet og kommunikasjonsavdelinga. 

Nokre lærlingar jobbar berre i ei avdeling som kan tilby nok relevante oppgåver gjennom heile læretida.  

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Ein lærling i service- og administrasjonsfaget er særskilt nyttig for ei HR-avdeling sidan dei jobbar med organisasjons- og kompetanseutvikling. Å lære opp ein lærling vil vere kompetanseutviklande for ei heil avdeling og verksemd, men er kanskje særskilt kompetansehevande for dei som gir opplæringa. Desse får trening i å forklare og grunngi eigne oppgåver og vurderingar, men også i det å lære bort.  

Med ein lærling i dette faget får de ein superhjelpar som støtter dykk i hektiske periodar.  

Intern opplæringsplan for Service- og administrasjonsfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Sikkerheitsfaget

Dette handlar faget om

Endringar i trusselbiletet og eit stadig sterkare krav til sikkerheit i samfunnet krev kompetanse om tiltak kring sikkerheit i ulike situasjonar. Sikkerheitsfaget skal legge grunnlaget for yrkesutøving som kan forebygge og redusere konsekvensar av uønska hendingar som uhell, ulukker og kriminelle handlingar.

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Ein lærling i sikkerheitsfaget skal få jobbe med planlegging, operativt arbeid, rettleiing, dokumentasjon og kvalitetssikring i sikkerheitsarbeidet. Opplæringa skal legge grunnlag for å utvikle kompetanse om risikovurderingar, tiltak kring sikkerheit, beredskap, konflikthandtering og organisering av arbeidet på ein skadestad.  

Vidare skal lærlingen lære å bruke regelverk om etikk, helse, miljø og sikkerheit i arbeidet sitt. Lærlingen skal og lære korleis ein møter behov kundar måtte ha og krav til lønsemd i verksemda.

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Lærlingar i sikkerheitsfaget kan jobbe som vektarar eller sikkerheitsmedarbeidarar i verksemder som driv med vakthald.

IT-driftsfaget

Dette handlar faget om

IT-driftsfaget handlar om å lære seg korleis ein driftar stabile, sikre og effektive IT-tenester i ei verksemd. Det handlar også om å drive brukarstøtte, og å kunne hjelpe kollegaer på arbeidsplassen med utfordringar innanfor IT. Faget skal vidare bidra til auka forståing av korleis teknologi opnar for nye måtar å kommunisere og samhandle på.

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med ny teknologi og kjennskap til korleis IT vert nytta som verktøy og som løysing på praktiske arbeidsoppgåver. Dette kan vere å gi tilgangar og løyve til skrivarar og serverar for brukarar, hjelpe kollegaer med problem dei har på arbeidsstasjonen, og hjelpe til med å sette opp digitale møte og webinar.   

Typiske oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget er brukarstøtte, installasjon av nye system, administrasjon av løyve og tilgangar på serverar, installasjon av operativsystem på nye arbeidsstasjonar, trådlause nettverk og nettverk generelt. Utarbeiding av brukarrettleiingar, halde kurs for nytilsette, gjere enkle innkjøp av utstyr, vere teknisk assistent på møte og seminar er også ein del av kvardagen til ein lærling i dette faget. 

Lærlingen vil få kunnskap om å designe og drifte IT-løysingar som tar hand om tryggleik, personvern, brukarvenlegheit og tilgjengelegheit til nødvendige tenester. Gjennom arbeid med design og drift av IT-tenester bidreg faget også til å utvikle kunnskap om etikk og gjeldande lovverk.   

I løpet av læretida skal også lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.  

Kvar kan lærlingen jobbe i verksemda?

Om verksemda har ei IT-driftsavdeling med brukarstøtte til dei tilsette, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget. 

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Norge vil ha et stort behov for IKT-kompetanse allereie i 2030. Om verksemda ønsker nok søkarar til IT-stillingar i framtida, må fleire bidra til å utdanne yrkesutøvarar innan dette feltet. Dette arbeidet startar no.   

Ein lærling i IT-driftsfaget vil raskt kunne bidra aktivt i ei IT-avdeling og vere ei uunnverleg støtte i avdelinga.  Ein IT-driftsteknikar med fagbrev i IT-driftsfaget er attraktiv på arbeidsmarknaden og ein viktig medarbeidar i ei IT-avdeling. 

Intern opplæringsplan for IT-driftsfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

IT-utviklarfaget

Kva handlar faget om?

IT-utviklarfaget handlar om utvikling, design og tilpassing av tenester og produkt som heng saman med verksemda sine verksemdsmål og strategiar. Dette kan for eksempel vere appar eller tenester på verksemda si nettside, både for interne og eksterne brukarar. 

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med heile utviklingsprosessen: Frå å skape ein idé, planlegge og estimere ressursar, programmere, integrere og brukarteste løysinga, før han vert ferdig og følgt opp gjennom vidare arbeid samarbeid med drift. Personvern og sikkerheit skal bli ivareteke i arbeidet, og lærlingen brukar dei same arbeids-, programmerings- og utviklingsmetodane til verksemda.   

I løpet av læretida skal lærlingen også få erfaring med arbeidslivet og det å vera ein tilsett.

Kvar i verksemda kan lærlingen jobbe?

Om verksemda di har ei IT-utviklingsavdeling, eller tilsette som jobbar med frondtend, backend eller fullstack, er det ein veldig stor sjanse for at de kan ta inn ein lærling i IT-utviklarfaget. 

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Norge vil ha eit stort behov for IKT-kompetanse allereie i 2030. Om verksemda di ønsker nok søkarar til IT-stillingar i framtida, må fleire bidra til å utdanne yrkesutøvarar innan dette feltet. Dette arbeidet startar allereie nå.   

Ein lærling i IT-utviklarfaget kan for eksempel vere ein av verksemda di sine senior fullstack-utviklarar om nokre år!  

Intern opplæringsplan for IT-utviklarfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Dataelektronikarfaget

Kva handlar faget om?

Dataelektronikarfaget handlar om å drifte stabile, sikre og effektive IT-system, nettverk og infrastruktur i ei verksemd. Det handlar òg om å vedlikehalde og reparere elektronisk utstyr og installasjonar som trådlause nettverk og alarmsystem. Faget skal bidra til forståing av korleis teknologi opnar opp for nye måtar å kommunisere og jobbe saman på.

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Ein lærling i dette faget skal få erfaring i ny teknologi og få kjennskap til korleis eit kommunikasjonssystem er bygd opp med kablar, patchepanel, og ulike komponentar som switcher og rutarar. Dei skal òg få opplæring i korleis dei kan konfigurere og programmere, teste og feilrette utstyr og mikrokontrollbaserte system.

Korleis ein skal ta hand om sikkerheit og personvern, og korleis ein unngår skade og misbruk er noko som står sentralt i læreplanen. Gjennom arbeid som dataelektronikar bidrar faget òg til å utvikle kunnskap om å jobbe nøyaktig, effektivt, estetisk og i tråd med gjeldande regelverk.

Lærlingen skal òg få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Om verksemda har ein IT-driftsavdeling, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i dataelektronikarfaget.

Kvifor er ei lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Ein lærling i dataelektronikarfaget vil raskt kunne bidra aktivt i ein IT-avdeling og vere ein uunnverleg støtte og hjelp i avdelinga.  

Ein dataelektronikar med fagbrev er attraktiv på arbeidsmarknaden og er ein viktig medarbeidar i ei IT-avdeling.

Byggdriftarfaget

Kva handlar faget om?

Byggdriftarfaget handlar om å lære korleis tekniske anlegg og installasjonar i bygningar blir drifta og heldt ved like. Det handlar også om å velje miljø- og energisparande løysingar i bygg som sikrar materiell og brukarane av det. 

Kva slags oppgåver kan du gi lærlingen?

Lærlingar i dette faget skal få erfaring og delta i dei tekniske installasjonane eit bygg har, som for eksempel varmesentral og ventilasjonsanlegg, og ulike typar heisar og basseng. Dei skal også få opplæring i energiøkonomisering (ENØK), innføring i korleis jobbe med forvaltning, drift, vedlikehald og utviklingssystemet til bygget (FDVU). I tillegg skal dei få kjennskap til kva for eksterne leverandørar verksemda har avtalar med. 

Gjennom læretida vil lærlingane få kunnskap om korleis miljøperspektivet blir teke vare på ved reparasjonar og gjenbruk av materiell, og utvikle kunnskap om å jobbe nøyaktig, effektivt, estetisk og i samsvar med gjeldande regelverk.  I løpet av læretida skal lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Om verksemda har ansvar for vedlikehald av eige eller andre sine bygg, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i byggdriftarfaget. 

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ei statleg verksemd?

Ein lærling i byggdriftarfaget vil raskt kunne bidra aktivt i driftsoppgåver og vere ei uunnverleg støtte og hjelp i vedlikehaldsarbeidet av eit bygg. Ein byggdrifter med fagbrev er attraktiv på arbeidsmarknaden og er ein viktig medarbeidar i ei driftsavdeling, eller i firma som arbeider med eigedomsforvaltning og utvikling. 

Innhaldsproduksjonsfaget

Kva handlar faget om?

Innhaldsproduksjonsfaget handlar i stor grad om å utforme innhald i produksjonar tilpassa dei digitale flatane verksemda bruker, og om å finne nye måtar å formidle bodskapen til brukarane på. Lærlingane kan jobbe med produksjon til ulike kanalar, til dømes sosiale media, film, e-læringskurs og nettsider.

Kva oppgåver kan du gi lærlingen?

Lærlingane skal få erfaring med og delta i oppgåver som å skrive eit bodskapsnotat og med å utvikle idear og gjennomføre konsept. Dei kan òg utføre etterarbeid, marknadsføring og evaluering.

Lærlingar i dette faget må få kjennskap til lovverk, som universell utforming og åndsverklova. Dei bruker dei same arbeidsmetodane og kreative prosessane til verksemda. I løpet av læretida skal òg lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Lærlingar i innhaldsproduksjonsfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling.

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ein statleg verksemd?

Ein lærling i innhaldsproduksjonsfaget vil vere ein nyttig ressurs når det gjeld å produsere og koordinere både større og mindre produksjonar i verksemda på ulike flater. Lærlingen skal jobbe på tvers med fagpersonar med ulik kompetanse for å oppnå eit godt resultat.

Intern opplæringsplan for innhaldsproduksjonsfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Mediedesignfaget

Kva handlar faget om?

Mediedesignfaget handlar om å skape visuell kommunikasjon, design og produkt til ulike flater som heng saman med verksemda sine mål, strategi og brukarar. Dette kan til dømes vere digitale og fysiske foldarar og plakatar, presentasjonar, nettsider, brukargrensesnitt i appar og på nettsider, og sosiale media.

Kva oppgåver kan du gi lærlingen?

Ein lærling i dette faget skal få erfaring med og delta i heile designprosessar frå å utvikle idear og gjennomføre konsept til å marknadsføre og vedlikehalde produktet. Lovverk, som universell utforming og åndsverklova, skal følgjast under arbeidet, og lærlingen bruker dei same arbeids-, programmerings- og kreative prosessane til verksemda.  

I løpet av læretida skal òg lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Lærlingar i mediedesignfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling eller i ei avdeling som jobbar med brukargrensesnitt i sine løysingar.

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ein statleg verksemd?

Ein lærling i mediedesign vil vere ein nyttig ressurs når det kjem til å forvalte profilen til verksemda, og bidra til at alle tilsette som skal fremme eit bodskap, både internt og eksternt, har profesjonelle verkemiddel og produkt.

Intern opplæringsplan for Mediedesignfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Medieteknikkfaget

Kva handlar faget om?

Medieteknikkfaget handlar om å handtere og distribuere audiovisuelt innhald ved å lage velfungerande og profesjonelle produksjonar og installasjonar innan film, tv, konferansar, sosiale media og kulturarrangement. Gjennom arbeid med faget skal lærlingane få forståing for ulike medietekniske løysingar og korleis dei blir brukte.

Kva oppgåver kan du gi lærlingen?

Lærlingar i medieteknikkfaget skal erfare og delta i heile prosessar i produksjonar i verksemda. Dette kan vere å planleggje ressursar og kostnadar, val av verktøy og det å visualisere vegen fram til ferdig produkt.

Dei må òg kunne setje opp teknisk utstyr og sørge for at det fungerer, noko som må bli gjort under eit opptak av ei filminnspeling. Lærlingen er til stades under gjennomføringa, om må derfor også kunne bruke ulike verktøy i verksemda. Dette kan vere å kunne bruke ein lydmiksepult eller innstillingar for lys.

Etterarbeid, som å grovklippe og leggje til effektar som tekst og lyd, er typiske oppgåver for dette faget. Dei skal bruke lov- og regelverk, retningslinjer og etikk i arbeidet sitt, få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.

Kor kan lærlingen jobbe i verksemda?

Lærlingar i medieteknikkfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling eller i ei kurs- eller IT-avdeling som produserer film, konferansar og webinar.

Kvifor er ein lærling i dette faget nyttig for ein statleg verksemd?

Ein lærling i medieteknikkfaget vil vere ein nyttig ressurs når det kjem til å produsere og koordinere både større og mindre produksjonar i verksemda på ulike flater. Ved at lærlingane får prøvd ut og får innsikt i medieproduksjonar og audiovisuelle installasjonar, vil dei bidra til at verksemda utviklar kreative produksjonar. Faget legg også til rette for samarbeid med andre, både i og utanfor eigen bedrift og eige fagområde.

Intern opplæringsplan for medieteknikkfaget

Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.

Oppdatert: 7. juni 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord