Intern opplæringsplan for faget mediedesign

Alle lærlingar blir følgde opp i verksemda gjennom ein intern opplæringsplan. OK stat har laga eit eksempel for mediedesignfaget som de kan sjå til når de skal lage ein eigen plan.

OK stat har laga eit eksempel på ein intern plan for å gjere planlegginga av lærlingar enklare.  Som regel er det fagleg leiar som følgjer opp og forvaltar den interne opplæringsplanen til lærlingen, men det er vanleg at fagleg leiar får innspel frå andre om oppgåver ein slik plan kan innehalde. 

Eksempelet på intern plan frå OK stat inneheld mange arbeidsoppgåver Meininga er at du skal velje ut oppgåver som passar verksemda. Du skal altså 

  • fjerne oppgåver som ikkje er relevante 
  • leggje til oppgåver de kan tilby som ikkje står i OK stat sin plan 

Førebuing til arbeidet med intern opplæringsplan 

Under har vi lista opp nokre spørsmål og svar som er gode å ta med seg vidare i arbeidet med å lage ein intern opplæringsplan. 

Kvifor ein intern opplæringsplan?

Ein intern opplæringsplan skal sørge for at du som  fagleg leiar får ei god oversikt over kva lærlingen skal lære og gjere og kven som har ansvaret for å gje opplæringa.  

Dei fleste lærlingar skal gjennom fleire oppgåver, og fagleg leiar skal ikkje gjere alt aleine. Planen hjelper til med systematisk og føreseieleg opplæring både for deg og lærlingen din. Planen skal vise samanheng mellom kompetansemåla i læreplanen og dei faktiske arbeidsoppgåvene lærlingen skal gjere i løpet av læretida slik at lærlingen kan følgje utviklinga og progresjonen sin.  

Kva skal planen innehalde?

Planen skal minimum innehalde

  • kompetansemål 
  • abeidsoppgåver eller kurs lærlingen kan ta som høyrer til kvart enkelt kompetansemål 
  • tidsperioden lærlingen skal få opplæring 
  • ansvarsfordeling for opplæringa
Korleis bruke eksempelet på intern læreplan frå OK stat?

Planen til OK stat inneheld berre kompetansemål og forslag til opne arbeidsoppgåver. For å sørge for at den interne planen er best mogleg tilrettelagt for verksemda, må du som fagleg leiar konkretisere oppgåvene enda meir. Til dømes kan de spesifisere namnet på eit prosjekt, ein arbeidsmetode, eit program eller verktøy de brukar i verksemda 

I OK stat sin plan kan det til dømes stå «Bidra i utviklinga av rapportar til verksemda». Her kan de spesifikt skrive i planen at «lærlingen skal lage design i årsrapporten».  

Kva gjer eg når planen er ferdig?

Når planen er ferdig, skal han bli sendt til okstat@dfo.no saman med CV-en til den som skal vere fagleg leiar. Det er fagleg leiar som skal ha ansvar for opplæringa.  

OK stat hjelper dykk med å bli godkjent lærebedrift. 

Meir om å ta inn og følgje opp ein lærling 

Eksempel på læreplan for mediedesignfaget  

OK stat har laga eit eksempel på læreplan i mediedesignfaget, med mange arbeidsoppgåver knytt til kvart av kompetansemåla som ein lærling skal nå i løpet av læretida.  

Her er det mange oppgåver å velgje mellom, så vel dei som passar verksemda di best. 

Nokre av forslaga handlar om å forklare, reflektere over eller grunngi noko. Her må de som verksemd konkretisere korleis lærlingen skal gjere dette, som til dømes gjennom møte eller dokumentasjon av arbeidet sitt. Metoden vel de altså sjølve, gjerne saman med lærlingen når han eller ho har starta. 

Kompetansemål 1: Utvikle, tilpasse og produsere design til ulike medieflater, format, funksjonar og målgrupper

Til dette kompetansemålet legg de inn heile prosjekt som lærlingen får jobbe med i løpet av læretida. Forslag til oppgåver:  

  • Delta i designprosjekt frå A til Å saman med fagpersonar i avdelinga  
Kompetansemål 2: Designe og produsere grafikk, presentasjonar og visuelle framstillingar

Forslag til arbeidsoppgåver:  

  • Lage logo, plakatar, animasjonar, interaktive presentasjonar, innlegg og kampanjar i sosiale media som følgjer designmanualen til verksemda 
  • Utvikle grafiske element til bildebank til verksemda, som ikonar  
  • Produsere variantar av profil for å dekke ulike flater ved behov i verksemda  
  • Ved innføring av ny visuell profil kan lærlingen delta i arbeidet
  • Lage layout for enklare designelement basert på den  visuelle profilen til verksemda 
  • Bidra i utviklinga av rapportar i verksemda 
  • Utvikle forslag til ny standardpresentasjon for verksemda basert på bilete og andre visuelle virkemiddel  
  • Visualisere statistikkar frå verksemda 
  • Om verksemda har ein eller fleire appar eller driftar eiga nettside: støtte UX-designarar og frontend-utviklarar med brukargrensesnitt. 
Kompetansemål 3: Velje og bruke verktøy, metodar og teknologi i eige arbeid

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke verktøy og utstyr og grunngi bruk av desse opp mot ønska resultat  
  • Bruke Adobe-pakka, Office, Intranett og redigerings- og publiseringsverktøy verksemda har  
  • Teste ut og bruke ulike metodar for idé- og konseptutvikling  
  • Teste ut og evaluere ny teknologi, som eit nytt program på vegne av verksemda 
  • Om nettsida til verksemda tillét det, bruke programmeringskode for å lage ikon og animasjonar  
  • Om verksemda har ein applikasjon: Lage kode for å utvikle ikon og animasjonar
Kompetansemål 4: Nytte ulike teknikkar og visuelle verkemiddel i design av produkt og brukaropplevingar

 Forslag til oppgåver:  

  • Designe ulike visuelle inntrykk og forklare og grunngi korleis og kvifor dei kan påverke brukarar på ulike måtar 
  • Støtte tilsette i retningslinjer for bruk av visuell profil  
  • Presentere organisasjonen av verksemda for kundar  
  • Bidra som rådgivar i å produsere profileringsmateriale til profilkonferansar  
  • Bruke komposisjonprinsippa i arbeidet for å forklare val som er tatt undervegs i arbeidet, både internt og for eksterne.
Kompetansemål 5: Utforske og nytte metodar for design, inspirasjon og idéutvikling, og vurdere og argumentere for val av metodar

Forslag til oppgåver:  

  • Bidra med idear til nye metodar for design og produksjon  
  • Argumentere for og grunngi val av metode og teknikk  
  • Gi velgrunna og konkret fagleg innspel til  nettansvarlege om korleis ein kan styrke verksemda og nettsider visuelt  
  • Levere designoppdrag, inkludert konsept, for verksemda 
  • Halde intern idéworkshop  
  • Lage storyboard eller collage  
  • Hente inspirasjon på valfri måte til eit prosjekt i verksemda  
  • Utarbeide skisser før eit prosjekt . Lærlingen skal forklare det positive og negative ved skisser, gjerne kopla opp mot brukarar, før ei skisse blir valt til vidare arbeid  
  • Innhente bakgrunnsinformasjon til eit prosjekt, som spørjeundersøkingar eller korte intervju. Lærlingen vel ut relevante sitat som kan bidra til ei løysing i sitt design  
  • Lage ein enkel prototype som blir testa og vurdert før produktet er ferdig 
Kompetansemål 6: Vurdere eige arbeid og eiga rolle i prosjektarbeid og reflektere over korleis ein kan utvikle seg som prosjektmedarbeidar

Forslag til oppgåver:  

  • Kjenne til andre aktørar i prosjektet og korleis desse agerer med kvarandre  
  • Kjenne til og bruke prosjektmal og mal for handlingsplan som verksemda har 
  • Delta i arbeidet med minst ein videoproduksjon, og gi råd om bruk av grafikk for å framheve bodskap  
  • Lærlingen får moglegheit til å ha ulike rollar i produksjonar i løpet av læretida, som prosjektleiar i ein mindre produksjon, og prosjektmedarbeidar i andre produksjonar  
  • Beskrive kven som tek avgjerder undervegs i ein produksjon, og vite kven som har kompetanse på eit område når lærlingen treng bistand
  • Ta initiativ til å invitere til dømes designarar, medieteknikarar med fleire 
  • Vere ein del av produksjonar for eit tverrfagleg godt team  
  • Forstå og tydeleggjere ulike rollar i eit prosjekt, og dokumentere kven som gjer kva 
Kompetansemål 7: Planleggje og budsjettere ein designproduksjon innanfor gitte rammer for tids- og ressursbruk

Forslag til oppgåver:  

Kompetansemål 8: Nytte relevant fagterminologi i planlegging, gjennomføring og presentasjon av eige arbeid

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke klart språk tilpassa målgruppa og delta i klarspråksarbeidet til verksemda  
  • Bruke fagterminologi i planlegging, utvikling, presentasjon, dokumentasjon og evaluering av eit produkt internt i avdelinga  
  • DFØs e-læringskurs Den gylne pennen  - eit e-læringskurs i klarspråk (Læringsplattforma)
Kompetansemål 9: Bruke gjeldande reglar, lovverk og retningslinjer for produksjon, publisering og oppbevaring av medieprodukt, og reflektere over konsekvensane dersom regelverket ikkje blir følga

Forslag til oppgåver:  

  • Vere rådgjevar ved publisering av video og audio, og bidra til at verksemda følgjer retningslinjene  
  • Kjenne til publiseringsrutinar- og krav  
  • Vere rådgivar for tilsette i verksemda i spørsmål om opphavsrettar ved bruk av bilde 
  • Kvalitetssikre produktet opp mot WCAG 2.0  
  • Kjenne til og bruke relevant lovverk og intern policy i arbeidet 
  • Opprette og bruke samtykkeskjema i arbeidet, som i eit intervju 

Tips til policy og regelverk lærlingen kan jobbe med i løpet av læretida:  

  • Personvernloven ved innsamling av data 
  • Åndsverkloven 
  • Teieplikt 
Kompetansemål 10: Bruke ulike metodar og verktøy for feilsøking i eige arbeid

Forslag til oppgåver:  

  • Bruke metodar og verktøy for feilsøking som verksemda har 
  • Delta i testing som involverer brukarar  
  • Gjennomføre kvalitets- og funksjonstestar verksemda bruker 
  • Forslag til ulike type testar som kan gjennomførast: 
    • Akseptansetest 
    • Integrasjonstest 
    • Test som involverer interne eller eksterne brukarar 
Kompetansemål 11: Vurdere kor truverdige og relevante ulike kjelder er, i samband med innhenting og publisering av materiale

Forslag til oppgåver: 

  • Hente inn informasjon på forsvarleg måte i samråd med kommunikasjonsansvarleg  
  • Evaluere innhenta informasjon, og vurdere korleis det kan påverke eige arbeid og eventuell målgruppe
Kompetansemål 12: Gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta

Forslag til oppgåver:  

  • Sette seg inn i interne rutinar i verksemda, mål, strategi og verdiar og vite kor informasjon om dette ligg  
  • Bli kjent med eigne rettar som lærling på okstat.no  
  • Bli kjent med inkluderande arbeidsliv (IA) og arbeid verksemda gjer for å fremme ein likeverdig arbeidsplass  
  • Bruke HMS-rutinane i verksemda 
  • Delta i ombordstigingprogram for nytilsette 
  • Notere kva hen trur at eit likeverdig og inkluderande yrkesfellskap betyr 
  • Dokumentere korleis eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap er ivaretatt på arbeidsplassen 
  • Reflektere og dokumentere kva for pliktar og rettigheitar arbeidsgivar har 
  • Reflektere og dokumentere kva for rettigheitar og pliktar arbeidstakar har
Oppdatert: 24. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.